KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Reisebrev frå EM i Danmark

Torsdag kveld var vi på plass på hotellet i Herning. Merkelig nok var alle dei 4 laga i gruppe C også booka inn på same hotell. Finland, Nederland, Serbia og Slovenia var alle representert i gangane på hotellet. Eg tok heisa saman med 12 personar på ca. 200cm, og det er lenge sidan eg har følt meg så liten. Hugsar han eine i heisa skreiv ein SMS, og heldt telefonen komfortabelt – i pannehøgde for meg.

Vi hadde mange diskusjonar i leigebilen på veg til Herning. Ville Nederland vere så sterke som vi trudde? Kom Serbia til å gruse all motstand? Kom Slovenia til å verte ein kasteball?

Vi troppa opp til fyrste kamp fredag med enorme forventningar. Ballet skulle smashast i gang av Serbia – Slovenia.

Etter nokre ballvekslingar såg vi  at Slovenia slett ikkje var nokon kasteball. Dei var på høgde med Serbia – og vel så det!
Serbia på si side sleit med mange personlege feil. Spesielt den litt unge diagonalen gjorde enormt mykje feil. Både i angrep og på serve. Han hoppa vanvittig høgt og slo på max ved kvar berøring, men diverre for Serbia gjekk ballen oftare i blokk eller ut, enn dei gjekk inn.

serve serb 1

Den serbiske diagonalen Anatasijevic i hoppserve

serb serve 3

Til tross for at serven gjekk i nettet, har eg fått matematisk hjelp og rekna meg fram til at serven gjekk i 129,6 km/t

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Likevel fekk han legg etter legg. Vi var litt forundra over dette, men konkluderte med at han måtte vere såpass viktig for laget at han måtte inn i kampen. Pappa noterte servepoeng, blokkpoeng, angrepspoeng og personlege feil. Og statistikken viste klart at Serbia var ustabile, medan Slovenia var mykje sikrare i spelet. Serbia vann fyrste settet, men vi var usikre på om det kom til verte slik i komande sett også. Og det vart det ikkje.

 

serb ball i bakken

Slovenia tok over kampen fullstendig og gjorde svært få feil. Sjølv om Serbia hadde store leiingar i sett 3 og 4, kom Slovenia tilbake og vann dei 3 neste setta overbevisande. Dermed vart det 3-1 siger til Slovenia.

 

slo angrep serb blokk

Den slovenske trenaren uttalte etter kampen: «This is the biggest win ever in Slovenian Volleyball and we are very proud of this achievement. But this is only one game, so the guys need to think about the game with Finland. It is a shower, dinner and straight to bed as we still have a lot of work to do to make it through to the next stage».

 

Til tross for enorm høgde over nettet, klarte ikkje Serbia slå Slovenia

Trass i enorm høgde over nettet, klarte ikkje Serbia slå Slovenia

 

Urnaut på Slovenia var ein skikkelig god kantspelar

Urnaut på Slovenia var ein skikkelig god kantspelar

 

Slovenia hadde overraskande god blokk

Slovenia hadde også ei overraskande god blokk

 

No sat vi att med mange spørsmål. Var Serbia verkeleg så dårlege? Kvifor hadde ikkje trenaren gjort byter? Var innbyttarane verkeleg så dårlege at dei ikkje kunne bidra til å snu den dårlege trenden?

EM var i gang for fult og no venta vi berre på neste kamp. Nederland mot Finland. Høydaren! Heilt sidan eg såg Finland slå USA for nokre år sidan har eg digga laget. Og Nederland har alltid vore gode. Så her var alt opent! Finland kom til å stille med sin alle beste førsteseksar. Siltala, Esko, Sivula – Stjernene på laget. Og ein ny libero, født i 1993! Her var det mykje å sette seg inn i før kampstart. Nederland på si side hadde mange spanande spelarar. Oppleggar Nimir på 200cm og ein kantspelar på berre 190cm! Dette kom til å bli interessant.

 

nimir legg

Oppleggar Nimir er høgt over nettet når han legg

 

Og for ein start på kampen. Oppleggar Nimir med hoppservar vi ikkje såg maken til i forrige kamp. Tydeleg hardare og mykje meir stabile. Og kantspelar Maan på 190cm sine hoppservar var geniale. Han kasta opp ballen på lik linje med alle andre hoppservar for så å bryte rett før ballkontakt og dermed gjere topspin om til flakk. Dette gjorde at mottakarane kjapt måtte forflytte seg framover og skapte ofte meget gode situasjonar for Nederland si blokk. Og innimellom varierte han med å plutseleg dra til 100% med topspin – noko som ofte gav eit ess. Her var det ein spelar med mange strengar å spele på.

 

ned maan angrep

Maan på Nederland er «berre» 190cm høg. Men høgt over nettet er han likevel

 

Utover i kampen såg vi at Finland var eit meir rutinert og stabilt lag. Nederland hadde sine augneblikk, men på det jamne var dei hakket dårlegare enn Finland.

 

siltala nærbilde

Antti Siltala er den fødte kaptein for Finland. Stor ro og får legg i avgjerande faser av spelet.

 

Og den unge liberoen til Finland var veldig god. Rett og slett fantastisk god! Ofte såg vi han slenge seg etter ballar som gjekk i bakken rett ved sidemannen sine bein, utan at sidemannen hadde reagert. Reaksjonsterk og med enorm ballkontroll tok han mottak i verdsklasse og vart fort nedprioritert i servane til Nederland. Men då det ikkje hjalp stort å gå over på Antti Siltala eller Kunnari, vart det meir og meir klart at Finland hadde kontroll.

 

fin libero mottak 2

Liberoen til Finland var bokstavelig talt både høgt og lågt. Under nettoppvarming var han tydeleg over nettkanten med haka, og her ligg han langs bakken og tek eit mottak mot Slovenia.

 

Den fryktlause diagonalen Sivula fekk oppdraget med å angripe stort sett kvar einaste ball som kunne gje 3-mannsblokk. Og han drog til alt han klarte. Og svært ofte lukkast det.

 

fin 3 manssblokk

Den finske diagonalen Sivula med nr. 10 på ryggen var ofte i posisjon 4 for å danne 3-mannsblokk. Her vart det nok ei «roofe-blokk» for Finland

 

fin 3 mannsblokk esko

Den finske oppleggaren Miko Esko er ein av dei store stjernene i laget. Med nr. 3 på ryggen kan du sjå at han ikkje akkurat er ein dårleg blokkspelar

 

Finland drog iland ein komfortabel 3-1 siger.

Nederland hadde skuffa oss, og Finland hadde imponert. No var førehandstipsa våre snudd på hovudet. Rekkefølga med Serbia på topp og Slovenia på botn, var no snudd til Finland, Slovenia, Nederland og Serbia nederst.

 

siltala linjesmash

Siltala med linjesmash til tross for at det er 1-mannsblokk. Blokkspelaren på Nederland er forøvrig oppleggar Nimir, som ikkje akkurat er ein smårolling i blokk

 

ned senterangrep shumov

Senteren Shumov på Finland var ein nøkkelspelar. Når han var i slag, kunne han blokke mostandarane i senk

 

Vi fekk med oss resultata frå dei andre gruppene via appen til Eurovolley og såg at Frankrike, Belgia og Tyskland gjorde det svært bra. Kanskje dette var året for vest-europeisk volleyball?

 

fin statistikkføring

Finnane var aktive på benken både når dei sjølve spelte, og når dei andre laga i gruppa spelte. Mykje statistikkføring og analyser vart gjort kontinuerlig gjennom kampen

 

Tenk kva odds ein hadde fått på semifinalane Finland – Belgia, og Tyskland – Frankrike?

 

ingen blokk ned

Dette var eit sjeldant syn i gruppe C – ingen blokk på «pipe»

 

Neste dag skulle avgjere om det vi hadde opplevd var ei blaff eller om det var realitet. Serbia skulle møte Nederland, og Finland skulle møte Slovenia.

Vi var spesielt spente då vi såg at Serbia stilte med same diagonalen som hadde kosta dei så mange poeng i forrige kamp.
Nederland starta best og trenden frå forrige kamp fortsatte for Serbia.

 

nimir serve

Oppleggar Nimir på Nederland med ein av sine fryktelig harde hoppservar

 

Etter at Nederland hadde vunne dei to første setta gjorde Serbia totalomvending og satte inn ny oppleggar og ny kantspelar. Vi såg endringa med ein gang. Laget jubla meir for kvart poeng, og den nye oppleggaren valde fleire legg i midten. Dette gjorde den nederlandske blokka ustabil og gjorde at Serbia tok meir over kampen, til tross for at diagonalen framleis var ustabiliteta sjølv.
Serbia vann dei 2 neste setta. Det var klart for tie-break. Nederland sleit i serve og plukka framleis lite i forsvar.

 

ned felt fisk

Kantspelar Maan med fisk i kampen mot Serbia

 

Ufatteleg nok gjorde den nederlandske benken ingen endringar i troppen til tross for den nedadgåande kurva. Og Serbia vann tie-breaket 15-12.

Pausa fram til neste kamp vart brukt til å diskutere kvifor det tok Serbia så lang tid å gjere bytta, og kvifor Nederland tviheld på dei same spelarane sjølv om det gjekk gale. Denne trenden skulle vi oppdage at var gjeldande for alle laga i gruppa. Det var tydeleg at førsteseksaren på kvart lag var markant betre enn innbyttarane. Difor var det ofte ein for stor risiko å sette innpå ein ny spelar. Overraskande i store volleyball-land som Nederland og Finland. Var der faktisk så stor forskjell på dei 2 beste kantspelarane og nummer 3? Eller på den beste oppleggaren og nummer 2? Rare greier.

Finland – Slovenia vart nok ein fantastisk kamp. Slovenia kjempa med alt dei hadde og var jamngode med Finland i alle sett. Finland var stort sett føre med eit par poeng, men det vart aldri store luker. Slovenia imponerte oss meir og meir. God oppleggar med fantastisk teknikk, ein god libero, og ein kantspelar og diagonal med enorm rekkevidde.

 

sivula angrep 3 blokk

Nok ein gang viste Slovenia god blokking

 

esko felt

Miko Esko i feltforsvar. Ein kan anta at han kjente den godt

 

siltala angr slo blokk

Siltala i angrep mot slovensk blokk

 

slo dans

Urnaut på Slovenia er tydelegvis så sikker på at ballen går ut at han tek seg tid til litt break-dance

 

Då Finland hadde vunne kampen 3-1 var vi sikre på Finland kom til å kome langt i turneringa. Overbevisande sigrar mot to sterke lag. Liberoen til Finland spelte nok ein god kamp og var på mange måtar suksessfaktoren i det finske laget. Og med oppleggar Miko Esko med blokkrekkevidde på høgde med dei beste kantane i turneringa såg vi svært få svake punkt i laget.

Vi var no godt inne i alle laga og meinte på at vi såg korleis dette skulle ende. Finland var vidare – det var klart. Dei 3 neste plassane var framleis åpne. Serbia måtte slå Finland, og Slovenia hadde sjansen til å gå vidare med siger mot eit svakt nederlandsk lag.

Siste dag i Herning og vi var klare for kamp. Nederland starta svakt mot Slovenia og vi trudde alt var i boks. Slovenia leia tidleg i settet og held på leiinga ut settet. Nederland såg rådville ut og hadde få løysingar på problema.

 

ned ball i bakken

Typisk for nederlansk feltforsvar i kampen mot Slovenia

 

I pausa mellom sett 1 og 2 var det tydeleg at dei hadde snakka om å få ned antal servefeil. Sett #2 starta med at dei fleste på Nederland gjekk over til hoppflakkserve – noko som gav resultat. Plutseleg fekk den nederlandske blokka meir å gjere og kunne plukke poeng etter poeng.

 

Slo angr ned blokk

Nydelig dobbelblokk frå Nederland

 

Ein ny venstrehendt diagonal vart også sett inn og på same fryktlause måte som Sivula på Finland skaffa han poeng etter poeng ved å gje 100% uansett legg og antal blokkspelarar imot.

 

angr ned diagonal

Venstrehendt diagonal Overbeeke kom inn og endra matchen

 

Dei nye omveltningane til Nederland skaffa dei siger i sett 2 og 3, og no var det Slovenia som ikkje hadde mottrekk til endringane. Nederland tok også fjerde sett, og slo dermed ut Slovenia. Dei skaffa samstundes seg sjølv 3.plassen i gruppa og sjanse til play off om kvartfinaleplass.

 

ned legg nimir

Ein av suksessfaktorane til Nederland var oppleggar Nimir. Til tross for sin unge alder og nokre urutinerte feil, imponerte han begge Humbersetane på tribuna

 

Finland – Serbia var ein rar kamp. Det var tydeleg at Finland allereie hadde 1.plassen i gruppa. Dei kvilte eine kantspelaren sin og satte innpå ein ung og lovande spelar. Diverre for han var han ikkje fult så god i mottak som resten av laget, og fekk dermed 90% av servane på seg. Til tross for at mottaka var per definisjon «OK» heldt det ikkje i denne samanhengen. Finland prøvde å byte oppleggar også (sikkert for å kvile stjerna Miko Esko), og venstrehendte Tervaportti kom inn. Dette er ein oppleggar eg har sett fleire ganger og han har imponert meg med fantastisk teknikk i fingerslaget og dristige løysingar. Stort sett hjalp dette laget, men diverre for Finland rota også oppleggaren vekk fleire poeng i viktige fasar av spelet. Serbia på si side hadde god flyt etter omveltningane i laget, og no var den før så dårlege diagonalen byrja å få til spelet. Servane gjekk inn (med ei enorm fart), og angrepa gjekk stort sett i golvet. Det vart ein enkel 3-0 siger til Serbia som dermed fekk 2.plassen i gruppa.

 

esko fisk

Miko Esko med ein innsats i feltforsvar før han vart bytta ut. Berre så synd at den lokale linselusa sjølvsagt måtte øydelegge motivet

 

Det er mange inntrykk som sit att etter ein slik danmarkstur. For det fyrste var det spesielt kjekt å reise med pappa på ein slik tur. Det var tydeleg at han framleis har store kunnskapar om spelet, noko som ofte kom fram når oppleggarane valde feil løysning. «off» – kom det frå sida mi og eit halvt sekund etter satt angrepet midt i blokka og poeng til motstandaren. Det var heller ikkje så mange rundt oss som førte statistikk. Dei fleste var godt i gang med sin sjette halvliter og inne i sitt heiarop «SOUMI – SOUMI – SOUMI» nr. 3490 for dagen. Det var heller ikkje mange rundt meg som kunne finne på å seie; «han bak oss med briller og spiss hake er eg sikker på eg spelte mot i 1976! Finsk landslagsspelar!»

 

pappa noterar

Pappa noterer statistikk i mylderet av småbarnsfamiliar og halvfulle finske fans

 

No vert det streaming og TV på oss vidare i meisterskapet, og eg sender samstundes reisebrev-ballen vidare til dei 4 KFUM’arane som skal på semifinale og finale i Parken; John Sverre, Mats, Ivar og Sigurd.
Parken skal gjerast om til volleyballarena med tak over stadion og nett-stenger på store jernplater då dei ikkje kan grave i grasmatta under.
Det skal også eksperimenterast med video-dømming der trenarane og kapteinane får ein sjanse per sett til å utfordre dommaravgjerslar, slik som i NFL.

Kven trur du vinn?

 

 

Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Svein Olav
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media