KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Damelaget slo Blindheim2!

Søndag spelte damelaget kamp mot Blindheim2. Dette laget leiar per i dag serien i 2.div kvinner region Møre og Romsdal. Forrige helg møttes laga i Ålesund og då gjekk KFUM Volda på eit tap. Difor var det ein revansjelysten gjeng som møtte til kamp i Voldahallen.

Dei fyrste to setta var KFUM-damene i ei klasse for seg. Gode servar og gode angrep gjorde at Blindheim aldri fekk spelet til å sitte. Men i tredje settet verka det som om Blindheim tok litt større risiko i servefasen, og det gav uttelling mot Volda. Blindheim tok to jamne sett og før det femte og avgjerande settet kokte det litt i toppane på KFUM Volda. Men anført av eit strålande heimepublikum (35 i talet), gjekk KFUM Volda knallhardt ut i femtesettet og såg seg aldri tilbake. Servinga var på plass og gode angrep sørga for 3-2 siger på heimebane, og ein etterlengta revansje for jentene.

 

Vi gratulerer med sigeren og årets beste kamp sålangt!

_DSC4634 (2)

Regine Berg-Rusten i eitt av sine mange gode angrep

_DSC4641 (2)

Ingvild og Mari i blokk

_DSC4676 (2)

Silje gjorde nok ein god kamp som libero

Kategori: Nyheiter
Publisert:
Skrive av: Svein Olav
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media