KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Slik vert programmet for jubileumshelga!

Laurdag 27. september skal KFUM Volda feire 50-årsjubileum med brask og bram!

Slik ser programmet ut:drivingrange1

Laurdag kl. 11.00 vert det golfarrangement i regi av golf-guruane Rune Humberset, Dag Tore Hagen og Bernt Humberset. Vi har ordna avtale med Volda golfklubb om fri bruk av drivingrange og det ligg an til artige konkurransar på rangen! Det vil også bli arrangert ei formell eller uformell golfrunde, og det skal kjempast om den gjeve tittelen «KFUM Volda-mester i golf» , og dette er ein tittel som truleg ikkje endrar eigar før ved neste jubileum i år 2064! Her er det med andre ord sjanse for å få legendestatus ein gang for alle i klubben. Merk at nevnte arrangørar skal på treningsleir til Skottland for å sikte inn formtoppen, så alle golfarar der ute bør legge seg i hardtrening!

KFUM Volda disponerer drivingrange og bane fram til ca. kl. 14.00. Gje eit hint til Rune Humberset på epost rune.humberset@mimer.no slik at han kan sjå an antalet og planlegge detaljar utifrå det. Gje også beskjed dersom du treng å låne køller eller anna utstyr.

 

Laurdag vert det samstundes eit arrangement i Voldahallen. Slik ser det programmet ut:

Kl. 10.00 – 12.00: Volleyballskule for dei minste i klubben. Trenar er Vladislav og Maria frå Bulgaria. Begge har trenarutdanning frå Bulgaria og Vladislav har mellom anna vore assistent-trenar for det bulgarske herrelandslaget og vore hovudtrenar for herrelandslaget til Saudi Arabia. Dette vert med andre ord ei spanande trening å følge med frå tilskodarbenken også. Treninga er open for alle opp til U15-klassa. Ingen påmelding er nødvendig, det er berre å møte opp. Hugs drikke!

Kl. 12.00 – 13.00: Matpause og filmframsyning på storskjermen.

Kl. 13.00 – 15.00: Kampar for dei litt eldre (frå 15 år og oppover). Her kan også gamle KFUM-medlemmer melde seg på. Om ein ikkje har lag å spele på, er det også berre å møte opp. Vi ordnar ein plass til alle som vil!

Kl. 15.00-15.30: Ny matpause med filmframsyning på storskjerm.

Kl. 15.30-16.00: Golfarane er tilbake frå golfbana og stiller med treningstøy i hallen. Det blir lagt opp til 30 min oppvarming (god gamal parvis oppvarming), der alle får 30 min til å kjenne etter om kroppane er klare for spel.

Kl. 16.00-17.00: Alle som ikkje er aktive i klubben i dag får sjansen til å spele ein uformell treningskamp. Vi set opp laga der og då, og vi mixar både kjønn og alder. voldahallen

Det vert kiosk med kaffe og mat for dei som berre vil stikke innom å oppleve atmosfæra i hallen igjen.

Kl. 19.00 er det jubileumsmiddag på Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda (sjå invitasjonen lenger nede).

 

Søndag 28. september:

For dei som skal overnatte laurdag til søndag og kanskje ikkje har avreise før utpå dagen, så vil vi prøve å få til ein aktivitet eller to. Det kan vere fjelltur, båttur eller noko i den stilen. Ta kontakt med Geir Humberset på epost ghu@hivolda.no dersom dette er aktuelt for deg.

 

Då gjenstår det berre å ynskje alle velkomne til storstilt feiring av KFUM Volda!

Invitasjon

NB! Gje beskjed om ev. matintoleranse eller anna viktig informasjon

 Av hensyn til matbestilling og planlegging på kjøkkenet set vi ny frist for påmelding til søndag 14. september!

 

  • Rune Aarflot

    Er det berre dei som er medlemer som kan vere med på volleyskulen?

    • Svein Olav

      Volleyballskulen på laurdag er for alle som vil!

Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Svein Olav
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media