KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Mange lag frå KFUM Volda klare for NM i Volleyball

KFUM Volda var i aksjon med mange lag og fekk gode resultat. Etter helga stod KFUM Volda att med to gullvinnarar GU15 og JU17, og fire sølvvinnarar JU15, GU17, JU19 og GU19! Ei god helg for KFUM Volda!

I klasse U15 gjekk meisterskapen i Voldahallen på laurdag. Etter felles frukost med god næringskost heime hjå Bodil Brænde Helle var jentene under 15 år i KFUM Volda klare for å konkurrere mot dei andre volleyball jentene i vår region. Frå heile fylket kom mange lag for å prøve å kvalifisere seg til NM. Jentene frå Volda stilte med to sterke lag og kjempa seg gjennom turneringa med mange heiande foreldre på tribuna i Voldahallen. Volda 1 gjekk sigrande ut av si pulje etter seier over Kristiansund og Volda2. Dei kom i semifinale med Fræna som dei slo med god margin, og var då klar for finale mot Blindheim som vart ein svært spanande kamp i turneringa. Kampen gjekk over 3 sett, der Blindheim tok sigeren med kun få poengs margin. Med sølv i turneringa var alle voldajentene sikra plass i NM! Volda2 sigra og over Kristiansund, og sjølv med tap for Volda1 var dei klar for bronsefinale mot Fræna. I denne kampen fulgte laga kvarandre tett og måtte bruke eit tredje set der Fræna trakk det lengste strået.

_61E7827_RMJ15_Erlend Krumsvik

 

Guteklassa vart sterkt redusert som følgje av skade- og sjukdomsfråfall frå lag som var påmeldt. Til slutt var det Blindheim og KFUM Volda, dei to laga som i årevis har kjempa om å vere øvst på volleyballtrona i fylket, som kjempa om tittelen. Gjennom tre kampar mellom desse to laga skulle meisteren kårast på laurdag. Etter ein jamn start på første settet, der laga fulgte kvarandre tett til stillinga 14-14, sette Volda opp tempoet og vistekven som skulle styre kampen. Til slutt var det ingen tvil, Volda vann alle tre kampane 2-0 og vart ubestridt regionmeister 2015. NM for U15 vert arrangert i Stjørdal 19-22 mars, og trenarane satsar på at flest mogleg av jentene og gutane vert med på turen for å oppleve dette arrangementet både sosialt og sportsleg.

_61E7428_RMG15_Erlend Krumsvik

 

KFUM Volda sine U17 jenter vart regionsmeistrar!
På jentesida var der 6 lag frå fylket som møttes til dyst om å kapre den eine NM- billetten som var tildelt Møre og Romsdal. Det vart ein trasig start for morgonfuglane frå KFUM Volda som møtte opp på fergekaia på Festøy 5 minutt før ferjeavgang – berre for å få beskjed om at ferja var innstilt. Då vart det raskt uro i rekkene, for det einaste som då var sikkert var at ein ikkje ville rekke fyrste kamp. Lemmen på ferga var øydelagd og vi måtte derfor vente på ferge nr. 2, dette resulterte i påfølgande bom på Molde-ferja. Spelarane kom i hallen då kamp nummer to skulle starte og gjorde seg raskt klar kamp. Heldigvis for Volda var det eit lag som hadde trekt seg i siste liten grunna sjukdom, og med velvillige arrangørar så ordna dette seg på ein god måte og ein kunne avvikle turneringa som tenkt. KFUM Volda stilte i turneringa med 11 spelarar i troppen, ein god miks av erfarne U17 spelarar og yngre spelarar henta opp på U15. I dei innleiande kampane fekk og dei yngste spelarane godt med speletid og dei beit godt i frå seg slik at KFUM Volda vant alle kampane 2-0 og dermed vart dei vinnarar av pulja si. Etter dette venta ein semifinale mot Blindheim som overraskande hadde gått på eit 2-1 tap mot Fræna. Kampane mellom KFUM Volda og Blindheim har alle tider vore tette og med høg grad av spenning. Denne kampen skulle vise seg å ikkje være noko unntak. Det fyrste settet vart det lengste i heile turneringa. Her vart det utrivelig jamt men KFUM Volda klarte å dra i land sigeren med settsifra 31-29. Det andre settet vart ikkje ulikt det fyrste, men Volda hadde bra kontroll heilt til slutten. Då jobba Blindheim seg inn i kampen og gleda var stor når Mari Høydal kunne smashe inn det avgjerande poenget over Blindheim si blokk og settsiffera enda på 25-23 i favør Volda. Blindheim vart då sendt ned i bronsefinale og KFUM Volda var klare for finalen.

_61E9039_RMJ17_Erlend Krumsvik

 

 

Overbevisande spel i finalen
I finalen møtte KFUM Volda arrangørklubben Molde sitt lag. Dette skulle i utgangspunktet bli ein jamn og spennande kamp sidan sist desse laga møttest vant Molde med knapp margin i det tredje settet. Og med fordel av heimebane så kunne dette bli tøft. Slik skulle det likevel ikkje bli. KFUM Volda tok raskt initiativet i fyrste sett og vant dette 25-15. I det andre og avgjerande settet hadde Volda tydeleg bestemt seg. Sara Marie Krumsvik frå U15-laget til KFUM Volda var turneringen sin desidert beste oppleggar og med Regine Berg-Rusten som går på toppvolley på Sand som kantspelar varta KFUM Volda opp med storspel. Til slutt resignerte Molde totalt og alle KFUM Volda sine spelarar fekk til alt dei prøvde på. Resultatet vart heile 25-5 i dette settet. Dette er eit resultat som er sjeldan i ei finale på dette nivået. Gutane havna på sølvplass, men får også reise til NM sidan det på gutesida er to lag frå RMGU17 som får delta i NM frå kvar region. NM-billetten er derfor sikra for både jenter U17 og gutar U17. I år vert NM arrangert i Bodø palmehelga den 27.-29. mars.

 

U19-jentene var i pulje med Blindheim og Fræna, der vinnaren av puljespelet gjekk direkte til finalen, medan dei to resterande laga havna i semifinale. KFUM Volda fekk full pott i puljespelet med siger over både Fræna og Blindheim, og var dermed klare for finale mot Blindheim. Det vart ein spanande finale der KFUM Volda vann fyrste sett nokså klart, men Blindheim tok over i andre sett. Ei skade på KFUM Volda skapte litt kaos innad i laget, og settet endte med Blindheim-siger. Det heile skulle avgjerast med eit tie-break sett. Blindheim starta settet med høgt servepress, noko KFUM Volda ikkje klarte å svare på. Leiinga til Blindheim holdt settet ut, og dermed kom KFUM Volda på 2.plass i RM, og kvalifiserte seg difor ikkje til NM. Gutane havna på sølvplass med tap mot Blindheim og kvalifiserte seg derfor ikkje direkte til NM. Dei har no sendt inn søknad om å få delta i NM på restplassar, så dei venter spent på svar frå Noregs Volleyballforbund om evt. deltaking. Det same gjeld jentene.  _61E8175_RMJ15_Erlend Krumsvik

Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Svein Olav
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media