KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Siste serierunde for denne sesongen

På grunn av andre arrangement, var det eit litt amputert 15 års lag som stilte til kamp i Hatlanehallen på laurdag. Men jentene var likevel kamplystne og ville gjerne vinne! KFUM Volda vann alle kampane sine i innleiande runde. I tre kampar mot Blindheim IL2, Hessa IL og Fræna VK vann KFUM Volda lett alle setta. I semifinalen møtte dei Ålesund VK. KFUM Volda vann også her begge setta, men trass i sterkare motstand fekk dei fortsette til finalen. I finalen møtte dei regjerande regionsmeister Blindheim IL som dessverre stakk av med seieren denne gangen. KFUM Volda fekk dermed ein flott 2. plass i denne runda. I tillegg fekk dei ein velfortjent pokal for 2.plass i serien for jenter under 15 år i Møre og Romsdal. – Gratulerer!

JU15_Runde4

 

KFUM Volda JU17 vann søndag siste serierunda trass i at dei mangla fleire sentrale spelarar. På grunn av konfirmantweekend vart laget sett saman av spelarar der ikkje alle hadde spelt saman tidlegare. I tillegg vart det søkt om dispensasjon om å få ta med ein «overårig» spelar, slik at ein kunne stille med fullt lag + ein reserve. Dei innleiande kampane gjekk greitt, der det som venta ikkje var så stor motstand før ein skulle spele mot Molde VK. I førre serieturnering var det Molde VK som vant finala mot KFUM Volda. Denne gongen ynskte jentene revansje og gjekk hardt ut. Det fyrste settet vann jentene med knappast mogeleg margin. I det andre settet vant dei meir komfortabelt. Som vinnarar av pulja var KFUM Volda klare for semifinalen der dei møtte Fræna som vart nummer to i den andre pulja. I denne kampen tok KFUM Volda styringa frå starten og vann også denne kampen 2-0. I finalen vart det nok ein gong Blindheim som måtte tuktast. Dette vart som vanleg ein jamn kamp der Blindheim vann det fyrste settet. KFUM Volda kom imidlertid sterkt tilbake og vann dei neste to setta der det tredje settet vart vunne 17-15. Jentene frå KFUM Volda kan seie seg veldig fornøgde med innsatsen. Synnøve Rotevatn hadde ei god turnering med mange gode opplegg – der spesielt Matilde Torvanger avgjorde mange ballvekslingar med sitt gode overblikk. Dei unge jentene fekk naturleg nok mykje speletid, og spesielt Johanna Bø på 13 år hadde ein god kamp med mykje godt forsvarsspel.  Laget vart leia av Trine Indresøvde Bernås som i tillegg til å være kaptein også fungerte som lagleiar i denne serierunda.

GU15_Spelesituasjon

Gutar U15-laget til KFUM-Volda var i aksjon på heimebane i Voldahallen på laurdag og søndag. Dette var siste serieturnering før NM i Stjørdal om to veker. Som oppkjøring før NM var dette nyttige kampar å ta med seg. Laurdag møtte laget Blindheim, Molde, Kristiansund og Svelgen, og det vart fire jamne og til dels velspelte kampar som enda med tre sigrar og eitt tap for Volda. Molde og Blindheim vart slått 2-1 og Kristiansund 2-0. Det var laget frå Sogn og Fjordane som denne gongen vart for sterke for Volda og vann kampen 2-1 i sett. Søndag stilte 13-åringane på KFUM-Volda i U17 klassa. Her møtte dei inntil 3-4 år eldre spelarar, og gjekk som forventa på tap i alle kampane. Men dei viste gode servemottak, stor innsats og plukka godt med poeng mot dei mykje meir rutinerte (og ikkje minst mykje høgare) spelarane.

IMG_1692

Gutar U17-laget til KFUM Volda stilte opp med akkurat seks mann, som gjorde at spelarane på bana fekk mykje god kamptrening før NM. Dei spelte seg inn til ein sikker 2.plass bak Blindheim, utan nøkkelspelarar som Knut Espe Bae, Torkil Aarflot og Sverre Fure. Gutane arbeidde godt gjennom alle dei 4 kampane sine og viste at hardt arbeid gir resultat. Etter ein sliteseier og ein treig start mot Molde vart det knapt tap i begge setta mot Blindheim. I kampane mot Hornindal og KFUM Volda 2 spelte dei til 2-0 siger i begge kampane. Spesielt gutane fødde i 99 fekk vist fram gode sider i dag, med mykje godt spel og utgjorde heile 5/6 av laget. Dei viser at KFUM Volda kan gjere det godt i 17-årsklassa også neste år.

Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Svein Olav
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media