KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Oppdatering frå NMU19

KFUM Volda sitt gute- og jentelag U19 spelar denne helga NMU19 i Tønsberg. Begge havna i vanskelege puljer, og det endte med tre av tre tap fredag i puljespelet. Spesielt jentene havna i ei tøff pulje der dei tre motstandarlaga alle spelte kvartfinale laurdag.

Men for både gutane og jentene vart idag, laurdag, ein opptur. Jentene vann mot både Asker IL og Blindheim IL (som dei tapte for i RMU19), og kunne dermed innta banketten med godt humør. Gutane slo Asker IL og KFUM Stavanger. Begge laga er i nedre sluttspel-serie, dvs kamp om plassane 13-16. Med to sigrar kan verken gutane eller jentene havne på sisteplass. I morgon møter jentene Bodø, medan gutane møter Sotra. Begge kampane går kl. 11.30.

I morgon går også finalane, og i jenteklassa vert det eit knalloppgjer mellom Tønsberg på heimebane og KFUM Stavanger. Allereie i semifinalen mønstra Tønsberg opp med ein god del tilskodarar, så det lovar godt for finalen. I gutefinalen møtes Austrått og Koll, sistnevnte med voldingen Sverre Flåskjer på laget. Koll ser meget sterke ut i år, og slo Dristug i semifinalen. Austrått slo Blindheim i sin semifinale, men gutane frå Blindheim kan vere godt nøgde med ein glitrande innsats.

Her følger nokre bilete frå NMU19 så langt

20150320-_SOH8814

 

20150320-_SOH8836

 

20150320-_SOH8858

 

20150320-_SOH8875

 

20150320-_SOH8878

 

20150320-_SOH8936

 

20150320-_SOH8950

 

20150321-_SOH8973

 

20150321-_SOH8996

 

20150321-_SOH9022

 

20150321-_SOH9034

 

20150321-_SOH9067

 

20150321-_SOH9070

Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Svein Olav
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media