KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Minneord Rune Myklebust

RUNE MATIAS ORHEIM MYKLEBUST (1943-2015)
Rune var ein av dei som grunnla KFUM-Volda hausten 1964. Utan hans initiativ den gongen hadde det kanskje ikkje vore noko KFUM-idrettslag, eller volleyball-miljø i Volda i dag. Han var krumtappen i den ivrige gjengen av gutar og jenter KFUK-KFUM-miljøet som hadde lyst å drive meir organisert fysisk aktivitet i eit idrettslag. Med sine 20 år var han den eldste, og han var den sjølvskrivne leiaren dei første to åra.
Då Rune kom til Volda for å gå på lærarskulen denne hausten, hadde han bakgrunn frå KFUM-Ålesund. Der hadde han først og fremst drive med friidrett, men også prøvd litt den heilt nye sporten volleyball.
Frå Ålesund tok han med seg ikkje berre inspirasjon til ulike øvingar, men også ideologien. KFUM-idrettslaga hadde – og har – trekanten som grunnlag: Ånd, sjel og lekam. For Rune var dette viktig. I det nystarta KFUM-idrettslaget i Volda skulle ein ikkje berre drive med idrettsøvingar. Det var også ein arena for forkynning og åndeleg vekst.
Dette grunnsynet prega Rune si tilnærming til alle han møtte som trenar og lagleiar gjennom femti år. Han likte å konkurrere og å bli god. Å vinne var viktig, men det var ikkje det viktigaste.
Rune kom attende til Volda som lærar i 1970, etter vidareutdanning i Oslo og militærteneste. Då var han sjølvskriven som spelar, trenar og lagleiar i det som då hadde blitt eit aktivt volleyballmiljø på ganske høgt nasjonalt nivå.
Han trena herrelaget helt fram til 1977, og fekk med seg både seriemeisterskap og cup-gull. Og ikkje minst fleire Europacup-kampar. Særleg på slike turar var det kjekt å ha med ein sindig og språkmektig lagleiar. Han kunne ikkje berre leie laget på bana, men også halde styr på viltre tenåringar langt heimanfrå.
I denne perioden var Rune også landslagstrenar, både for senior- og juniorlandslaget. Og i alle fall ved eitt høve var kampropet til landslaget «Rune Mataias!» – truleg foreslått av dei tre-fire voldingane på laget. Om det hjelpte, er meir uvisst.
Utover på 80- og 90-talet trappa han litt ned trenargjerninga på toppnivå. Men han var aktivt med i miljøet, og hadde i mange år ansvar både for aldersbestemte lag og damelag. Og han fekk med seg sportsleg suksess og titlar også med desse gruppene. I år 2000 fekk Rune tildelt Norges Volleyballforbund sitt heidersmerke i sølv for sin lange innsats for norsk volleyball; både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Dei siste åra hadde han ikkje hovudansvar som trenar, men han var heilt til det siste ein uvurderleg støttespelar og rådgjevar for mange av laga. Særleg når det nærma seg NM-sluttspel. Då var han ofte med, både i oppkøyringa heime i Volda og på sjølve meisterskapet.
Rune sin leiarstil på volleyballbana var karakteristisk. Han heva aldri stemma, han sto aldri på sidelinja og ropte og veiva med armane. Han ga instruksane bestemt og roleg, og han overlet mykje av ansvaret til spelarane sjølve. (Dette er elles same filosofien Marit Breivik hadde stor suksess med nokre år seinare som trenar for handballjentene.)
Rune hadde solid fagleg bakgrunn frå Idrettshøgskulen, men han var også nysgjerrig som trenar. Han var alltid ute etter å lære nytt og få tips av andre. I tillegg var han svært systematisk i treningsarbeidet. Alt blei loggført og ordna i sirlege tabellar. Øvingane var ikkje tilfeldig valde, og han hadde statistikkar på det meste. Dette er nok ein av nøklane til den sportslege suksessen – først med elitelaget, seinare med gute- og jentelag.
Slik var Rune, slik vi kjende han frå volleyballmiljøet: Ryddig, systematisk, fagleg solid, alltid til å stole på. Han visste korleis han skulle møte folk, og korleis han kunne få dei til å yte sitt beste. Han beheldt dessutan entusiasmen for sporten han elska, og han hadde stor glede av å sjå korleis stadig nye generasjonar av unge voldingar utvikla seg i KFUM-miljøet. Ikkje berre sportsleg, men også som heile menneske.
I september i fjor feira KFUM-Volda 50-årsjubileum. Rune var sjølvskriven æresgjest. Vi hadde ein flott fest saman, der styret og tidlegare trenarar og spelarar fekk gjere ekstra stas på han som var med på å starte det heile og som framleis heldt koken – både som trenar av andre og med eiga trening.
Lite visste vi då at det skulle bli siste gongen mange av oss skulle treffe han.
Vi veit heller ikkje noko om kva han tenkte den kvelden, om dei gode orda som blei sagt og om dei bileta som blei viste og mimra rundt. Men han må ha tenkt sitt, og vonleg vore litt stolt av det han var med på å få i gang – saman med ein liten gjeng unge tenåringar – den gongen i 1964.
Vi er mange i KFUM-Volda som har mykje å takke Rune for.
Vi lyser fred over minnet hans.

  • Torgeir Vølstad

    Sørgjeleg. Gode minne. Stor respekt.

  • Bjarte Øvregård

    Eit stort menneske og ein viktig pillar i oppveksten til mange på søre sunnmøre. Det vert eit stort tomrom.

  • Ina Brautaset

    Trist å høyre at min kjære gymlærar og første ordentlige inspirasjon til fysisk aktivitet har gått bort. Kvil i fred.

  • Randi Grande Skullerud

    Trist…husker han så godt fra Klubben tida i Volda på 1960 tallet!

  • Bjarte

    Fred over minnet hans, ein utruleg flink trenar/lærar og ikkje minst kompis.

  • Scott

    Trist å høre. Hvil i fred.

  • Leszek

    Rune tak bardzo chciałem pogratulować Tobie 50 lecia KFUM Volda ale nie zdążyłem.Opłakuję Ciebie teraz i wspominam kiedy byłeś u nas w Polsce.Serdeczny,miły i wesoły.Taki zostaniesz w moim sercu i myślach na zawsze.Pozdrawiam wszystkich Twoich podopiecznych,których wychowałeś na dobrych zawodników i ludzi!Jeśli ktoś chce się podzielić wspomieniami o trenerze Rune +48 511 671 244

Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Svein Olav
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media