KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Gull, sølv og bronse i årets Blindheimscup

Då er årets Blindheimscup ferdig. Med 91 deltagande lag tilreisande frå heile Noreg held turneringa eit høgt nivå, og det er både utfordrande og kjekt å møte andre lag enn dei laga ein møter i serien. KFUM Volda hadde 8 deltakande lag frå dei minste som spelte minivolleyball til og med lag i U17.

 

Jenter U15:Blindheimcup_JU15

Jenter U15 stilte i år med to likeverdige lag som viste seg å kjempe i toppen i Blindheimscupen. KFUM Volda1 møtte Ellingsøy og Oslolaget Kolbotn2 i innleiande, og vann trygt mot begge laga 2-0 i sett. Dei vann då pulja si og var klare for kvartfinale mot Fræna, ein kamp dei også vann 2-0. Det andre jentelaget, KFUM Volda2, kom i pulje med Førde og Kolbotn3. Eit tap mot Førde førte laget inn i ein ekstra kamp mot Hessa i åttendedelsfinale før dei var klar for kvartfinale mot Kolbotn1. Denne kampen vann dei 2-1. KFUM Volda sine to jente-lag møtte kvarandre i semifinale. Det same gjorde Førde sine to jentelag i den andre semifinala. Dette førte til at begge laga til KFUM Volda møtte Førde ihhv. Finale og bronsefinale. Dette vart to veldig jamne og spennande kampar. KFUM Volda1 tok gullet mot Førde1 med 2-0 i sett og settsiffera: 25-22 og 25-18. KFUM Volda2 sikra seg bronseplassen mot Førde2, også med 2-0 i sett og settsiffera: 25-15 og 25-16.

 

Gutar U15:

Dei unge GU15-spelarane gjorde ein strålande innsats i sesongens siste turnering. På laurdagen var det innleiande spel og gutane møtte Svelgen i første kamp. Svelgen har med overårige spelarar og vi visste at dette vart tøff motstand. Dei spelte veldig bra , men Svelgen vart for sterke. Dei neste kampane spelte KFUM Volda bra og vann alle 2-0. Søndagen var det sluttspel og gutane vann første kamp og vann også semifinale mot Blindheim – då var det klart for finale mot Svelgen som dei tapte for laurdag. Motivasjonen var på topp og gutane spelte opp mot årsbeste, det var derfor ein spanande kamp der dei bytta på å vere det leiande laget. Til slutt var det Svelgen som stakk av med sigeren og gutane fekk ein flott 2.plass!

 

Minivolleyball:Bl_cup_gutar2_minivolleyball

KFUM Volda stilte med tre gutelag og eit jentelag i minivolleyball. I minivolleyball er det lov å vere tre spelarar samtidig på bana. Jentene spelte på nivå3 og hadde ein kjekk dag med nokre seierar og nokre uavgjorte kampar. Kiosktilbodet vart også flittig nytta mellom kampane. Gutane stilte i nivå4, også kalla U13, og hevda seg godt med super innsats mot lag frå Molde og Ålesund. Gutane takkar Henning Helle som stilte som trenar og lagleiar for alle tre lag, saman med Henrik Brænde Helle (3 år)! Dette er ein flott gjeng og vi ser fram til mange spennande kampar med desse jentene og gutane i åra som kjem. Rekrutteringa for KFUM Volda ser lovande ut!

 

Gutar U17:Blindheimcup_GU17

KFUM Volda sitt GU17-års lag spelte innleiande kamp mot Molde VBK sitt første lag, denne kampen vann KFUM Volda sine gutar 2-0 utan å hente frem storspillet. Deretter stod gutelaget frå Hornindal for tur, som gav tidvis god motstand. Likevel var ikkje dette nok til å stå imot jamt spel frå KFUM Volda, som no stod protokollført med 2 seierar i turneringa så langt. Den tredje og siste kampen på laurdag vart spelt mot Molde VBK sitt andrelag – KFUM Volda vann solid 2-0. Med dette som utgangspunkt, var Volda gutane klare for semifinale på søndag. Semifinalen mot Hornindal, vart ein godt gjennomført kamp og samspelet fungerte godt, dette gjorde at det var vanskeleg for Hornindal å komme inn i kampen og KFUM Volda vann 2-0. I finalen mot Molde VBK sitt førstelag storspelte gutane til KFUM Volda med gode server, godt mottak og forsvar, og eit variert angrep. KFUM Volda sitt guttelag klarte å holde fokuset under hele kampen, og vant til slutt finala 2-0. Under premieutdelingen, vart kaptein og oppleggar Henrik Alfsvåg kåra til turneringa sin mest verdifulle spelar. I tillegg til medaljer og pokalar, vann også laget en pengepremie på kr. 1500,-.

Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Svein Olav
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media