
Swatch Major Stavanger dag 2
Ikkje akkurat ein fantastisk dag i Stavanger i dag. Regnet kom snikande i 12-tida, og varte heile resten av dagen.
Og dei norske resultata varma ikkje akkurat i fråværet av sol.
Nærast siger var Kongshavn/Kjølberg som i dagens siste kamp tapte 0-2 mot polske Kolosinska/Brzostek. Men i siste sett vart stillinga 39-41 til Polen. Meinar eg høyrde speaker fortelje at verdsrekorden er 40-42 satt for nokre år sidan. Det settet må vere definisjonen på eit surt tap!
Under følger ymse bilete frå dagen

Ikkje lite rekkevidde på 19-åringen Berntsen

Treland/Pedersen spelte ok i sine kampar, men var vel aldri veldig nære siger

Kapa/McHugh frå Australia imponerte i kvalifiseringa. Spanande å sjå kva dei kan få til i hovedrunda.