KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Er du kvinnelig student / tilflyttar og har du lyst å spele 1. divisjon volleyball i Volda?

I fjor klarte KFUM Volda å kvalifisere seg til 1. divisjon for kvinner. Ikkje sidan 90-talet har Volda hatt lag i nest øverste divisjon. Sesongen 2015/16 får vi anledning til å bryne oss på lag frå heile Noreg. Vi skal møte lag frå Tromsø i nord til Kristiansand i Sør. Vi har vore heldige med pulja vi skal spele i og dette gjer at bortekampane blir konsentrert på nokre helgar i sør-Noreg.

Dei siste åra har laget vorte styrka med studentar som har kome til Volda. Har du lyst til å være med spele volleyball i 1. divisjon komande sesong? Vi har spelarar på ulike nivå – frå talent på 16-år til tidlegare profesjonelle. Kanskje kan bortekampane være eit kjekt høve til å besøke venar og kjente på heimtraktene?

Ta kontakt med enten Sindre Rotevatn, 90948011, sindre@rotevatn.org eller Rune Bernås, 93055878, rune.bernaas@tussa.no for meir informasjon.

Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Svein Olav
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media