KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Opningsturneringa i Bergen

OPPVARMINGSKAMP I FØRDE
Hornindal og KFUM Volda stilte med 8 spreke gutar på Opningsturneringa i Bergen. På vegen til Bergen tok dei med seg ein kamp på Sunnfjord Folkehøgskule i Førde, der kampen enda 3-1 i Sunnfjord sin favør. Sjølv om vi tapte tre sett, var det svært mykje godt å spore i det nye laget. Spesielt Morits Halkjelsvik gjorde ein svært solid kamp!  Med tanke på at våre gutar er 16 år og våre motstandarar er 19-23 år, har vi eit godt potensiale. Det er heller ikkje tvil om at gutane våre frå Hornindal er med å styrke årets utgåve at U17 – laget, der spesielt forsvarsspelet er godt.
Laget hadde overnatting på Sunnfjord hotell så ungdommane frå kvar si side av Kvivsvegen fekk rista seg saman sosialt.

BERGEN
I Bergen spelte Hornindal/KFUM Volda G17 sin første kamp mot Gneist, og vann overbevisande med 25-4 og 25-6! Sjølv om Gneist var eit svakere lag, beholdt
laget trykket oppe med perfekt presisjon og energi. Andre kampen mot Sverdvik gikk også i Hornindal/KFUMVolda sin favør! 2-0 til våre gutter (25-4, og 25-8). Tredje kamp mot Sveio enda 2-0, igjen i Hornindal/KFUM Volda sin favør. Då var det berre finalen som stod att, mot Sverdvik, atter ein gong solid seier til Hornindal/KFUM Volda. Dette lovar godt for Volleyballsesongen !

IMG_3379_1



KFUM Volda stilte to jamnbyrdige lag i J17-årsklassa på laurdag. Her var det venta tøff motstand, då mange av motstandarane er 1-3 år eldre. I gruppespelet fekk laga kvar sin siger mot høvesvis Gneist Topas og Strandvik, og kvart sitt tap mot Sveio og Gneist Smaragd. Dermed vart det andreplass i puljespelet på begge lag og spel om plassering 5-8. Her fekk også begge laga kvar sin siger mot Gneist Agat, medan begge tapte mot Nyborg med knappast mogleg margin. Med dette vart det 6. og 7. plass til Volda-laga. I denne klassa var det 12 lag som deltok, så jentene hamna i midtskiktet i ei klasse der dei har nokre år fram føre seg.

Lagbilete gulljentene_MG_6339_JU15_Erlend Krumsvik


GULLJENTENE
Søndag stilte KFUM Volda i 15-årsklassa med eitt jentelag, stort sett beståande av jenter f. 2001. Laget gjekk greitt gjennom puljespelet etter to relativt klare sigrar mot Sveio1 og Gneist. Kvartfinalen hadde jentene bra kontroll på stort sett heile vegen og styrte inn til 2-0 mot Sveio2. I semifinalen vart det vesentleg tøffare motstand når Strandvik stod på andre sida. Volda starta 1.settet bra og tok tidleg føringa. Så kom motstandarane sterkare mot slutten, før jentene våre drog det lengste strået i eitt jamnt sett, 26-24. I andre settet var Strandvik-jentene sterkare heile vegen og vann klart 25-15. I siste sett var Volda-jentene revansjesugne, mobiliserte krefter og gjekk raskt i leiinga. Dette trykket greidde dei å halde resten av settet, og vann 15-8, og var dermed klare for finalen. Her venta nok ein gong Sveio1 på andre sida av nettet. Volda-jentene var supertente i finalekampen, og gjekk raskt i leiinga. Dei heldt deretter motstandarlaget i eitt jarngrep, spelte sin beste kamp i turneringa og vann to strake sett 25-15 og 25-13. Dermed ein velfortent siger til dette lovande laget, som det blir spanande å følgje utover i sesongen. Også i denne klassa var det 12 lag som deltok.

DAMELAGET I STIGANDE FORM TIL 1. DIVISJON
Laurdag spelte damelaget i klassa for 2. og 3. divisjonslag. Vårt unge lag hevda seg godt i konkurranse med dei vaksne damelaget. Etter å ha vunne innleiande runde i si gruppe mot Kvernbit og BSI 3, var det også siger i kvartfinalen mot Søre Neset. I semifinalen vart Trio sine damer for sterke, og våre damer spelte dermed bronsefinalen mot Askøy drog i land bronsen. Ein sterk prestasjon i første kampane for sesongen.

Søndag var det tøffare matching mot 1. divisjonslag og det nivået vi skal møte i serien i år. Etter god innsats mot både Gneist og BSI måtte vi sjå oss slått 2-0 av begge. Vi enda dermed sist i pulja og spelte om 5. og 6. plass mot BSI 2. No hadde lufta gått litt ut av oss etter ei lang helg med mange kampar, så vi greidde ikkje å spele opp mot vårt beste og tapte kampen 2-0. Vi ser at nivået i 1. divisjon er ikkje skremande høgt for oss, men vi må heim og trene meir, så vi blir endå sterkare i kampen for å hente heim poeng.

Mari Høydal i smash_MG_5822_1div damer_Erlend Krumsvik


Sesongen er i gong. No startar vår deltaking i 1. divisjon. Det blir spennande og krevande for vårt unge lag.

Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Svein Olav
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media