KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Volleyballskulen er fullsatt

Laurdag 7. november vert det volleyballskule i Idrettsbygget frå kl. 10-14, med ei matpause midt i. Det vert mykje volleyballrelatert leik med ball, og borna treng ikkje kunne noko om volleyball frå før. Ballglede skal stå i fokus! Borna vil få ei innføring i minivolleyball som vert spelt i aldersgruppa 1.-4.-klasse.


Vi avsluttar dagen med kjekke kampar for å øve på det vi har lært.
Meir info om Minivolleyball: http://www.volleyball.no/…/Hva-er-minivolleyballminisandvol…

Kurs som Minivolleytrenar
Same laurdagen vil også KFUM Volda Volleyball i samarbeid med Norges Volleyballforbund arrangere kurs som Minivolleytrenar. Kurset er eit dagskurs, og dersom du også tek e-læringsmodular gjeld dette som første modul i Idrettsforbundet sin trenarstige. KFUM Volda dekkjer kurskostnadane, og passar for deg som gjerne vil følge opp barnet ditt og kanskje bli trenar. Du treng ingen førkunnskap om volleyball før kurset. Meir informasjon om Minivolleytrenarkurset: http://www.volleyball.no/…/t…/Sider/Minivolleyballigaer.aspx

 

Det er diverre fullsatt på volleyballskulen, ta kontakt med Rune Aarflot på tlf 915 74 617  for spørsmål/kommentarar.
Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Svein Olav
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media