KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Kjekk minivolleyballskule laurdag

Borna var delte inn i tre grupper etter alder, og gjekk mellom tre ulike stasjonar i hallen. Borna øvde på kasting av ball, volleyballslag, konkurranser og stafettar. Ein av deltakarane var svært så fornøgd og ville gjerne kome att neste laurdag. Dette er varmande ord for oss som arrangerer. Ynskjet kan vi nok ikkje innfri, men alle som ha lyst å prøve seg på meir minivolleyball er velkomne til treningane våre i Voldahallen onsdagane!

 

Kjekke gutar frå tredje klasse

Kjekke gutar frå tredje klasse

Leik og teknikk hand i hand
Minivolleyball skal vere mykje leik og samtidig innlæring av teknikk. Difor kombinerer vi øvingar som kan sjå ut som leik utanfrå, men som er med å etablere teknikkar og vanar som gjer det lettare å spele volleyball. På volleyballskulen laurdag hadde vi stasjonar der spelarane skulle kaste ballen over nettet, og ein annan på andre sidan av nettet skulle ta imot han. Dette er ein av dei grunnleggande teknikkane i volleyball, og når dette vart arrangert som ein stafett, vart det veldig kjekt. Konkurranseinstinktet var stort i denne leiken. Borna på volleyballskulen fekk også prøve seg på å spele volleyballkamp, der dei fekk lære grunnleggande tenkemåte i volleyball. Dei hadde også øvingar som dreia seg om kontroll og grep om ballen, til dømes å kaste ballen mot veggen og ta imot han som eit bagger- eller fingerslag. Nokre prøvde seg også på smash, som for mange er det kulaste volleyballslaget der ein slår ballen i bakken på motstandaren si side så hardt ein kan.

 

For å få god styring på ballen øver vi fingerplassering ved å trippe ballen mot golvet.

For å få god styring på ballen øver vi fingerplassering ved å trippe
ballen mot golvet.

«Er ikkje volleyball komplisert ?»
Ein del foreldre lurer på om ikkje volleyball er litt vel komplisert for dei yngste på barneskulen. Vanleg volleyball kan vere litt vanskeleg å forstå. Det er her minivolleyball kjem inn for å gi ein glidande overgang til spel som liknar meir og meir på vanleg volleyball. Minivolleyball har fire nivå, der ein spelar med tre på kvart lag, og startar med nivå 1 med å kaste ballen til kvarandre i staden for å slå. Etter kvart som ein går oppover mot nivå 4, aukar talet på volleyballslag, og spelet nærmar seg vanleg volleyball. På dette nivået er spelarane klare til å starte med vanleg volleyball i 5. – 6. klasse. Vi har mange voldaspelarar som er komne dit i dag. I ein del andre land i Europa har dei spela minivolleyball rundt ti år, og dette har gitt gode resultat med mange unge, flinke spelarar.

 

Volleyball har mange små detaljar som må lærast. Her kombinerer vi fingerslag med ein liten "kvil" på ryggen.

Volleyball har mange små detaljar som må lærast. Her kombinerer vi
fingerslag med ein liten «kvil» på ryggen.

Trenarkurs ein del av minivolleyballskulen Parallellt med opplegget for borna, arrangerte KFUM Volda også eit trenarkurs med 6 deltakarar. Kurset var halde av Marcin Gården, som er volleyballspelar frå Polen og tilknytt Blindheim IL, der han har vore trenar for elite- og 1. divisjonslag. Han er ein svært inspirerande kurshaldar, som villig deler kunnskap og lidenskap for denne kjekke sporten. Siste timen av volleyballskulen vart halden av deltakarane på dette kurset. Deltakarane hadde laga treningsopplegg for borna. Dette vart ei kjekk avslutning på ei fire timar lang treningsøkt. Volleyballskulen avslutta med «HEIA, HEIA, HEIA, HEIA !!!!» til siste innspurt i vegg-til-vegg-teppelapp-stafetten som ein av kursdeltakarane arrangerte. Vi takkar foreldre for lånet av 37 kjekke ungar desse timane!

KFUM Volda

Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Svein Olav
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media