KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Dugnad på Årneset

Vi fekk ein god pott med pengar frå Gjensidigefondet for å ruste opp beachbana på Årneset.

No er sanden endeleg på veg, og den blir levert i morgon tysdag og på torsdag.

Sponsoren vår K. A. Aurstad fraktar sanden frå Hønefoss, og gjer «grunnarbeidet» på bana, men vi må gjere litt sjølve også.

Difor blir det kjekk dugnad tysdag 31. mai og torsdag 2. juni frå kl. 18 og utover.

 

Det som skal gjerast er:

– Finrake sanden

– Jamne utover sanden som har vorte flytta ned til stranda

– Så til evt. skader på plenen rundt bana

– Sette på plass nettfeste, og henge opp netta.

Ta med rake, grafse, spade og trillebår om du har! Har du to av kvar, ta gjerne med begge, slik at dei som evt. ikkje har kan låne.

 

Håpar mange kjem! Då går det fort, og det vert kjekkare!

Kategori: Nyheiter
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media