KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Kjekt med minivolleyskule

Første helga i oktober arrangerte KFUM Volda  minivolleyballskule. 40 ivrige born frå 1. klasse og oppover kosa seg med eit veldig variert og godt opplegg.

Det vrimla med ivrige born i idrettshallen laurdag. Det var tid for den årlege Volleyballskulen. Gruppa på 40 born var delte opp i tre grupper. I partiet for dei yngste var jenter og gutar saman. 9 trenarar inkludert foreldre hadde eit variert og artig opplegg å tilby.

Artige øvingar

I den eine delen av hallen hoppa dei over tau, konkurrerte i bondesjakk, spelte med ballongar, hoppa på puter, og låg på ryggen og fekk ballen i lufta medan dei klappa. Opplegget var litt forskjellig for dei ulike aldersgruppene. Her var det Rune Aarflot og systrene Irene Langvatn Krumsvik og Susanne Langvatn Simonsen som hadde ansvaret.

I avdelinga i midten fekk borna lære reglane i minivolleyball og prøve seg på ei skikkeleg bane. Trenarane her var Trine Indresøvde Bernås, Nancy Brattli og Camilla Humberset. I lokalet nærast gangen var det trenarane Robert Sjøholt, Øyvind Alfsvåg og Bodil B. Hjelle som leia opplæringa. Alle desse spelar aktivt sjølve. Her øvde dei mellom anna på å handtere ballen sjølv om dei gjekk bakover, ulike volleyballslag og andre kjekke aktivitetar.

Det såg ut som borna likte seg veldig godt på volleyballskulen. Og det var berre positive kommentarar å høyre.

– Eg går på volleyball til vanleg. Eg starta då eg gjekk i 2. klasse no går eg i 4. klasse. Det er andre gongen eg er med på volleyballskule. Det som er kjekkast her er å spele og spesielt å smache,   seier Birte Krumsvik nøgd.

– Det var mamma som ville at eg skulle gå her, seier Oline Busker Brænne.

– Eg er her for å finne ut om eg skal gå. Det er kjekt, men eg trur ikkje eg har tid sidan eg driv med langrenn, fortel ei anna jente.

– Tanta mi er trenar her, difor hadde eg lyst å vere med, fortel Lukas Vorren Rotevatn som såg ut til å storkose seg med ballen.

Alle blir sett

Sonen til Sigrid Bjørklund var heilt ny. Han går i 2. klasse.

– Han hadde lyst å fare sjølv, fortel ho.

– Kva synest du om opplegget?

– Det er kjempefint at dei er delte opp i små grupper og at dei får vere saman med born på same alder. Mitt inntrykk er at alle blir sett, det synest eg er positivt, seier Sigrid.

Sonen til Nina Ulvøy var også på volleyballskulen. Også ho syntest at kurset var veldig bra.

– Opplegget engasjerer. Øvingane er veldig varierte, og her er mange vaksne, seier Nina.

Kan ikkje vere utan

Far til Eva Mari Knardal Hjelle, Peter Hjelle, fortel at dottera har spelte volleyball i eit år.

– No kan ho ikkje vere forutan. Det er ein god kombinasjon av trening, leik og moro. Trenarane legg det opp slik at det ikkje er vanskeleg. Då ho deltok på Blindheimcupen syntest eg også opplegget der var heilt fantastisk og folkeleg lagt opp. Til og med kona mi, som ikkje er sportsinteressert, vart riven med, smiler han.

Magne Aarseth si dotter, Inga Johanne Målø Aarseth, likar seg også godt på volleyball.

– Det er veldig godt miljø her, og borna har det kjekt, seier Magne som fortel at fleire av borna hans har spelt volleyball i regi av KFUM Volda Volley.

Saka er utdrag frå Møre 4. oktober.0410volleyballskule-rune-aarflot

Her trenar borna mellom anna spenst. Trenar Rune Aarflot forklarer kva volleyballskule-elevane skal gjere.

 

0410volleyballskule-liggande

Jentene trena på å beherske volleyballen på mange måtar. Her ligg dei på golvet og klappar medan ballen er i lufta.

0410volleyballskule-konkurranse

Jentene konkurrerer om å treffe ei gymnastikkmatte på andre sida av volleyballnettet.

0410volleyballskule-ivrig

Det var mange trenarar i aksjon på Volleyballskulen.

0410volleyballskule-emma-inga

Emma Driveklepp og Inga Johanne Målø Aarseth trenar med ball og ballong.

0410volleyball-trine-indersovde-bernas

Trenar Trine Indersøvde Bernås og lærevillige jenter.

0410volleyball-spennande

 

0410volleyball-mange-trenarar

Spent stemning ved volleyballnettet.

 

 

 

 

Kategori: Minivolleyball, Nyheiter
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media