KFUM Volda

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Flott innsats av JU13!

Laurdag gjorde jentene frå JU13 ein svært god innsats på volleyballturnering i Blindheimshallen.

Jentene spelte mot lag frå Blindheim og Ålesund volleyballklubb, og det var mykje fin speling i hallen denne dagen. I den første kampen møtte Volda blå eit av dei mange Blindheimlaga, og kampen var svært spennande og jamn. Den enda med eit knipent tap for Volda-jentene. Volda raud møtte også eit Blindheimslag i første kamp, og vann denne kampen etter godt spel i to omgangar. Dei neste kampane var jamne, og Voldajentene reiste heim med fire sigrar og to knepne tap etter denne dagen. Volleyballjentene har hatt ei god utvikling denne sesongen, og dei viste det gjennom mykje godt spel, med sikre servar, gode ballvekslingar og smashar. Det er kjekt å møte andre volleyball-lag som er på same alder og nivå. Det er motiverande å gå av med sigeren, og lærerikt å møte jamn motstand.

Kategori: Nyheiter
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media