KFUM Volda

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Tett og jamt U19 NM

Det vart eit tett og jamt volleyball NM i Molde i helga. Begge laga frå Volda møtte gullfavorittar i puljane sine.

JU19

Glade jenter etter siger mot Molde. Foto: Lea Magerøy.

Jentene til KFUM Volda Volleyball fekk ein friplass til NM-turneringa U19 og var seeda som lag nummer 16 i meisterskapen. Dermed hamna laget i ei knalltøff innleiingspulje med Skjeberg (som til slutt vart suveren noregsmeister), Kristiansand SK (bronsevinnar) og Lierne, og tapte alle tre kampane i puljespelet. Likevel med betre settsiffer mot Skjeberg enn finalemotstandar KFUM Stavanger hadde.
KFUM Volda gjekk dermed vidare til B-sluttspel mot tre andre lag. Dei vann to av desse kampane 2–0 (mot arrangørklubben Molde og Brøstadbotn), men tapte den siste mot Rossvoll 2-1, etter å ha hatt eit overtak i starten av kampen. Totalt sett vart Volda likevel best av desse tre laga, og enda opp med ein 13.-plass av 16 lag i NM. Dette er ikkje langt unna forventningane, med tanke på at mange av dei andre laga hadde spelarar i snitt 1–2 år eldre enn KFUM Volda, som hadde berre ein spelar over 17 år. Med litt meir erfaring er det mogleg å kome inn blant dei åtte beste i seinare turneringar. Desse jentene har mange år fram føre seg i aldersbestemt meisterskap, så vil tida og innsatsen framover vise om det er mogleg å nærme seg Noregstoppen ytterlegare.

God stemning
KFUM Volda sitt gutelag deltok med 13 spelarar i U19 NM. Laget har vore gjennom ein lang sesong med ei god oppkøyring, og hadde som mål å bli blant dei fire beste, og stemninga var god under avreise frå Volda.

GU19

* Knut Espe Bae slår frå 3-meter. Andreas Grønnevik Flåskjer og Sverre Fure til høgre. Foto: Oddvar Alfsvåg.

Innleiande kampar i puljen
Fredag starta dei innleiande kampane i puljen, og den første kampen var mot ein av gullfavorittane, Askim VBK. Det vart eit svært jamt førstesett som Askim vann 27-25, og tok med seg eit lite overtak inn i 2. settet som dei også vann med 25–21 (KFUM Volda–Askim VBK 0-2)
Den andre kampen i puljen var mot Oslo Volley, som vart ein jamn kamp som KFUM Volda vann fortent 2–1 (18-25, 25-22, og 15-8).
Tredje kampen i puljen var mot Kristiansand (KSK), og vart ein underhaldande kamp! Gutane frå Volda tapte første settet knapt med 23-25, men var fast bestemt å komme sterkt tilbake i 2. settet. Noko dei gjorde, og vann settet med 25–21. I det tredje og avgjerande settet henta gutane frå Volda fram det beste i laget, og tok dette heim 15–10.
Med dette utgangspunktet vart KFUM Volda nummer to i puljen, og var kvalifisert til å spele 1/8.-delsfinale på laurdag.

1/8-delsfinale mot Molde VBK
I 1/8.-delsfinalen på laurdag møtte Volda arrangørklubben Molde VBK. Dette vart ein ny jamn kamp. Etter eit første sett, med mange feil på begge lag, vann KFUM Volda til slutt 26–24. I andre settet klarte Molde å stabilisere spelet sitt, og tok 2. settet med 25–17 og det var duka for eit tredje og avgjerande sett. Her vart også Molde for sterke, og vann 15–10. KFUM Volda–Molde VBK 1-2). Dermed var KFUM Volda ute av vidare sluttspel.

Nedre sluttspel
Skuffelsen i laget var merkbart etter dette tapet, men det sterke og gode bandet i laget og mellom spelarane gjorde dei i stand til å riste skuffelsen av seg etter ei stund.
Neste kamp vart mot Kristiansand som motstandar, same lag som Volda møtte i innleiande puljespelet, og som vart ein ny jamn kamp. Til slutt vann Kristiansand 2–0 med settsiffera 25–22 og 25–21.
På søndag stod det att ein kamp mot Sotra, og laget bestemte seg for spelarane frå 17-årslaget skulle få prøve seg som eit ledd i oppkøyringa mot NM U17 til helga. Dei klarte seg godt og tok første settet med 27-25! Andre sette begynte også godt, men etter kvart kom Sotra sakte med sikkert og vann settet 25–21. Sotra vann også til slutt tredje sett 15–7. KFUM Volda–Sotra 1–2.
Med dette kom KFUM Volda sitt G19 lag på 12.-plass i årets NM

Fantastisk støtteapparat
Om ikkje det gjekk heilt som planlagt på bana, så var det i alle fall ein plass Volda var klare vinnarar, det var i støtteapparat og på tribunane. KFUM Volda sine spelarar har flotte foreldre, besteforeldre, tanter og onklar som stiller opp som publikum på kampar. I helga var det nesten opp mot 50 publikumarar frå Volda som tok turen i hallen for å sjå og støtte spelarane frå Volda i aksjon. I tillegg kjem det faste støtteapparatet med trenarar og oppmenn. Voldaforeldra var i aksjon frå kl. 06.30 om morgonen til kl. 23.00 på kveldane for å gi spelarane dei beste rammene, både på og utanfor banen.

Støtteapparat

KFUM Volda har eit godt støtteapparat både på og utanfor bana. Foto: Kristian Kolnes

Kategori: Nyheiter
Merkelappar: .
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media