KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Volleyballdamene klare for 1. divisjon seriestart

Damelaget til KFUM Volda Volleyball klar for 1. divisjon etter suveren siger i 2. divisjon sist sesong.

I sesongen 2015/16  fekk damelaget til KFUM Volda smake på korleis det var å spele i 1.divisjon. Dette vart ein tung sesong. Den beste spelaren,  Maria Todorova vart gravid, og vi hadde langtidsskade på fleire sentrale spelarar.

Sesongen 16/17 var ein suksess for damelaget til KFUM Volda. Tilskot av sterke spelarar utanfrå bidrog godt, mor Todorova var tilbake i manesjen, og i tillegg var dei unge spelarane blitt eitt år eldre. I den regionale serien i 2. divisjon mot mellom anna Molde, Blindheim 2 og Kristiansund gjorde laget kort prosess i alle kampane både heime og borte, med total settforskjell på 54-6 over 18 kampar ! Det er ingen tvil om at laget held eit nivå godt over 2. divisjon. Spørsmålet er om laget held godt 1. divisjonsnivå for sesongen som startar no. Mykje kan tyde på det.

Både i opningsturneringa i Bergen og i Midt Nordisk turnering i Trondheim har laget oppnådd sterke resultat mot lag frå 1. divisjon og Mizunoligaen (elite). To av laga dei møter i serien dette året, BSI og Blindheim, vart begge slegne, i tillegg fekk dei gode resultat mot både Viking og NTNUI sine elitelag. Dei to andre laga i pulja er Sandnes og Øksil; begge laga er sterke og har landslagsspelarar i troppen. I rankingturneringane, som det blir tre av i løpet av sesongen, møter Volda dei fem laga frå den andre 1. divisjonspulja (Tromsø, Lierne, OSI 2, Skjetten og TSI).

Laget har ein god miks av unge og erfarne spelarar. Laget er styrka av fleire studentar før forrige sesong, med Vilde Stakseng og Elise Henanger i spissen. Evigunge Gro Kjoss Lynge  har varsla at ho trappar ned litt denne sesongen, men er god å ha i bakhand. Regine Berg-Rusten er heimkomen etter 3 år på Toppvolley på Sand, og er ein allsidig spelar med god slagkraft, som allereie har vist seg å være eit sterkt bidrag på laget. I tillegg går Maria Todorova på ein ny sesong, noko som betyr mykje for laget.

Dei unge jentene fødde i 2000-2002 er blitt endå meir røynde, og tek ansvar i aukande grad. Tre av desse jentene går no på Toppvolleyt på Sand, alle tre deltek på laget i flest mogeleg  kampar denne sesongen. Sara Marie Krumsvik går andre året på Toppvolley. Ho har landslagserfaring frå U17 og er no også utteken på U19- landslaget. Astrid Lid og Johanna Vikan Bø går første året på Toppvolley. Begge jentene har allereie vore innkalla til landslagssamling, og vil vere viktige for laget komande sesong.

Trenar Vladislav (Vlado) Todorov har ei lang karriere bak seg på høgt internasjonalt nivå  både som spelar og trenar. Mellom anna som landslagsspelar for Bulgaria og landslagstrenar i Bulgaria og Saudi Arabia. Han er eit fyrverkeri på sidelina under kampane, og svært ambisiøs på spelarane sine vegne. Han viderefører den gode tradisjonen i KFUM Volda med oppnamn på spelarane, så i år kan ein sjå både Sweetie, Junior, Lazy, Mani, Jo, Terminator, Reebook, Joulenze og Mickey på bana, for å nemne nokre. Med til dømes tre stk Julie på laget har dette absolutt sine føremoner. Maria Todorova har også lang røynsle på høgt internasjonalt nivå som spelar i Bulgaria, Kypros, Spania og  Hellas, og som trenar. Ho er ei god støtte spesielt for dei unge spelarane.

KFUM Volda Volley ser fram til ein spennande sesong der målet for er å etablere seg i 1. divisjon. Første kamp går i Voldahallen i morgon, søndag 8. oktober,  kl 12, mot Bergensstudentane, BSI. Det vert truleg ein forrykande og jamn kamp !

 

Bak v.f: Vladislav Todorov, Bodil Brænde Helle, Maria Todorova, Elise Henanger, Ingrid Korsbrekke Vorren, Anna Maria Aarseth, Julie Brænde Helle, Synne Rørvik Lejon og Marie Brænde.

Framme f.v: Julie Bakkebø, Eli Strømmen, Julie Kolnes, Lea Magerøy, Regine Berg-Rusten, Ylva Bjørdal. Sittande fremst:  maskot Edna Todorova

Kategori: Ymse
Merkelappar: , , .
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media