KFUM Volda

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Nye rutiner i Voldahallen – Skoforbod på bana!

Om du er liten, stor, ung eller gammal, – om du er spelar, trenar, oppmann, mor eller far, bestemor, onkel, storesyster, veslebror eller elev må de hjelpe oss og passe på golvet i hallen.

Vi må holde hallgolvet reint, – dette gjer vi med å ikkje bruke utesko i hallen. I vekene på trening eller på skulen, tek vi av oss skoene i garderoba eller ute i vestibyla. Som de sikkert har sett, er der store skilt på dørene som viser at ute-skoene ikkje skal vere med inn i hallen.

 

Skadde spelarar

Grunnen til at det vert teke tak no er blandt anna mange korsbandskadar hjå handballspelarane.

 

Ikkje gå inn på bana

Når vi har kampar, går vi aldri ut på bana med utesko. Vi kjem til å lage fleire sperringar på alle kampar, slik at de blir minte på at de ikkje må gå inn på bana.

Hjelp oss med og minne andre på at dei ikkje må gå inn på bana med utesko!

Håper at alle hjelper til med dette, slik at ikkje fleire av våre unge får slike skader.

 

Meir info frå kommunen:

OBS! Frå i dag er det ikkje berre dei som trenar som må ha innesko, men alle som er i Voldahallen enten du trenar eller spelar. Ved kamp kan du gå med sko innafor merka område til tribune. Eventuelt kan du ta av deg skona i gangen og gå i sokkelesten. 🧦😊

No har både trenarar og oppmenn vore på opplæring i nye system ang. oppheising av mål og veggar og brannsystem/rutiner i Voldahallen. Lås er montert og ein må frå i dag ha nøkkel for å heise opp og ned mål og vegar.

Vi har eit felles ansvar for at hallen skal framstå på best mogleg måte, der kvar enkelt brukar har ansvar for å rydde opp etter seg sjølv.

Minner om at dør inn til sjølve hallen er ei branndør, denne døra skal i følgje brannkonseptet stå igjen heile tida(branncelle). Det er ikkje høve å setje denne open med ein stol. Dersom den må stå open i forbindelse med arrangement må der være ein person som har fått ansvaret for døra og lukke den ved brann. (Branndører som kan stå opne må stå på magnet, slik at dei lukkar seg automatisk ved utløyst brannalarm. Døra har ikkje denne funksjonen pr. i dag).

 

Kategori: Nyheiter
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media