KFUM Volda

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Sterk bortesiger i Vesterålen

Eit heiltent Voldalag tok den lange turen til Myre i Vesterålen denne helga, for å møte Øksil. Dette laget er kjend for sine trufaste og engasjerte tilhengarar som markerer seg på strålande vis mellom anna på aldersbestemte NM. Dei skuffa heller ikkje som arrangør, det heile vart tromma i gang av det lokale korpset. Eit profesjonelt arrangement på alle måtar, og med eit talrikt, høglydt publikum. Truleg er det bare eit par eliteklubbar som kan by fram noko liknande på arrangør- og publikumsida.

 

Sjå kaptein Vilde sin kommentar om kampen her

 

Volda kom godt i gang i første sett, og leia lenge med 4-5 poeng før Øksil-kverna byrja å male, Øksil leia for fyrste gong på 20-19 og halte i land settet med 25-21 etter solid spel.

Andre settet starta på verst tenkeleg vis for Volda, 0-6. Då tok trenar Todorov fram si etter kvart så velkjende utestemme  for fyrste men ikkje siste gong i kampen. Han jaga jentene til å hente fram sitt beste, Volda vende kampen på framifrå vis og vann settet etter kvart komfortabelt, 25-18.

Tredje settet var Volda i føringa frå start til slutt. Dei leia på det meste 20-10, men datt litt nedpå mot slutten, og settet ebba ut med 25-17.

 

Også fjerde sett åpna dårleg for Volda, med 0-4 etter sterk Øksilserving. Ein fortvila Todorov måtte igjen mane jentene i kjellaren etter kløkt og krefter. Han nytta begge time-out’ane tidleg i kampen, og fekk spelarane tilbake på sporet. Det vart eit nervepirrande sett der laga fylgde kvarandre tett. Volda kunne drepe kampen på 23-20, men slurva i mottak. Øksil kom tilbake og hadde settball, men Voldaspelarane viste karakter og fekk sin tredje matchball på 27-26. I denne ballvekslinga henta dei omtrent frå golvet ein ball som først var slegen i nettet, kjempa den over nettet på uforklarleg vis, og Øksil feila i neste angrep. Eit letta Voldalag feira som hadde dei vunne cupfinalen.

 

Dette var ein nøkkelkamp for Volda. Øksil er eit godt organisert og kjempande  lag med sterke midtspelarar, og kjem nok til å ta mange poeng heime. Trenar Todorov meiner Voldalaget framleis har mykje å jobbe med, men var alt i alt godt nøgd denne gongen. Laget var trufaste mot systemet i det meste av kampen, og viste styrke på avgjerande tidspunkt. Dei klarte å nøytralisere Øksil sine midtspelarar, og servane sat godt. Gode og balanserte dommarar bidrog til god atmosfære gjennom heile kampen.

Volda stilte med heile 11 spelarar til denne kampen, dette er uvanleg for ein bortekamp med reisetid på 10-12 timar kvar veg. Nokre spelarar fekk dermed bare enkelte innhopp i heksegryta, men bidrog engasjert på sidelina med å lyfte venninnene til dyst når det talde som mest. Slike turar byggjer lagkjensla og alle spelarane hadde ei god oppleving. På heimveg gjekk reisa gjennom eit vinterkledd Vesterålen i vakker skumring sundag føremiddag, og jamvel med gløtt av ein elg beitande på eit tre i ei oppkjørsle.

 

Volda tronar igjen på tabelltoppen og vonar å vere der også når vi går inn i julehøgtida. Komande helg  går turen til Bergen og Sandnes. Kampane vert direktestrøymde på KFUM Volda Volleyball si Facebookside.

 

 

 

Kategori: Damelaget, Nyheiter
Merkelappar: , , , .
Publisert:
Skrive av: Kristian Kolnes
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media