KFUM Volda

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Minigalla i Voldahallen

Volda stilte med heile åtte lag sjølve! Eit G2007-lag, to lag frå mini 2010/11 og fem lag frå J2006-2009.
 
Laurdag 20. januar arrangerte minigruppene i KFUM Volda Volleyball minigalla i Voldahallen. Heile 29 lag frå Blindheim, Ellingsøya, Ålesund og oss sjøve stilte. Det var ny rekord med heile åtte lag frå KFUM Volda Volleyball. Samla var det nok godt over 100 spelarar i alderen 6-13 år.
Det vart arrangert 64 kampar på 4 timar, på åtte baner (uten forsinkelsar), noko som ikkje er mindre enn veldig imponerande!
Utruleg nok så klarte vi faktisk å samle alle laga som var komne kl. 10.50 til fellesbilde! Det var kjekt å få til.
 
Tusen takk til alle foreldre og søsken som stilte opp i kiosk, på bana, som lagleiarar og som supporterar! Utan dokke hadde klubben ikkje gått rundt!
Begge foto: Erlend Krumsvik
Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media