KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Sparebank1 Eliteturnering 2018

Etter suksessen med Sparebank1 Eliteturnering i 2017 arrangerer KFUM Volda Volleyball på nytt turnering denne helga. I år har elitelaga med endå fleire voldingar i stallane sine. Heile fire spelarar frå Volda er med i år!

Tif Viking med voldingen Simon Ekornes Hopland (nr. 3) på laget. I trenarteamet er Eivind Pettersen med. Han er tidlegare spelar i KFUM Volda Volleyball. Som Førde er TIF Viking klare for spel i Europa denne sesongen. Dei skal spele Champions league.

I fjor var det Førde som stakk av med seieren etter å ha slått NTNUI, TIF Viking og rekruttlaget til det polske storlaget Lotos Trefl Gdansk.

Champions league og Europa-cup

I turneringa i år er det kome inn to nye lag for å erstatte NTNUI og rekruttlaget til Trefl Gdansk, som ikkje stiller i år.
– I år hadde Trefl Gdansk og NTNUI dessverre ikkje moglegheit til å kome, men vi har fått med oss Koll, med voldingen Sigurd Festøy, og Stod i staden. Begge laga hadde lyst til å kome i fjor, men grunna berre ei speleflate kan vi berre ha turnering med fire lag. Dette vil endre seg når vi får Volda Campus Sparebank1 Arena i 2020.

Tittelforsvarar Førde Volleyballklubb har no to voldingar på laget Nr. 10 Kristian Røv og nr. 13 Sverre Grønnevik Flåskjer.

Som i fjor stiller både «tittelforsvarar» Førde, med to voldingar på laget, og TIF Viking, som no har fått med seg voldingen Simon Ekornes Hopland på laget. Begge desse laga er klare for spel ute i Europa denne sesongen. Førde er kvalifiserte til CEV-cup (Europacup), og TIF Viking er klare for Champions League.

Sigurd Festøy (nr. 13) har i år flytta på seg, og spelar no for elitelaget til Koll.

Opprykk for både dame- og herrelaget?

KFUM Volda Volleyball sitt herrelag har vunne si avdeling i 2. divisjon dei siste to åra, og denne sesongen siktar trenar Leif Røv på å gjere det for tredje gong, i tillegg til å få spele kvalifisering til å rykke opp til 1. divisjon. Vi har ei klar målsetjing om å rykke opp til 1. divisjon, sidan vi i år har jobba godt med juniorane og fått ei god stamme i laget. No føler klubben seg klar for å satse på opprykket, sier Røv om opprykkshåpet til KFUM Volda Volleyball.

– Klubben spelte på 1970-80-talet i det som no er eliteserien, så vi håper at denne turneringa motiverer unge til å begynne med volleyball, og kan gi Volda eit solid løft, seier Røv som sjølv var med å spele for Volda i eliteserien i denne perioden.

Klubben sitt damelag  var i fjor i toppen av 1. divisjon, og trenar Vlado Todorov håpar i år på å få spele kvalifisering til opprykk i Mizunoligaen.

Også i Ørsta neste år

Voldahallen har ikkje kapasitet nok til at vi kan ha med fleire lag i ei eliteturnering, difor ser KFUM Volda Volleyball også til Ørstahallen neste år. Då vil vi få kapasitet til også ha med damelag, noko vi veldig gjerne vil få til.

Hausten 2020 skal Volda Campus Sparebank1 Arena stå ferdig. Då håpar vi på å få til ei stor eliteturnering, med fleire norske lag, og også nokre internasjonale lag.
– Slik som Trefl Gdansk sitt rekruttlag vil vi gjerne ha tilbake, men også andre internasjonale lag, fortel Røv om planane for KFUM Volda Volleyball når den nye hallen vert ferdig.

Stod ville veldig gjerne vere med i 2017 også, men då hadde vi ikkje kapasitet til fleire lag.

Aktiv helg

I tillegg til Sparebank1 Eliteturnering arrangerer også KFUM Volda Volleyball både utviklingssamling for U13-spelarar og trenarkurs denne helga, så det er ei særs framtidsretta og aktiv helg!

Meir informasjon finn du på KFUM Volda Volleyball si Facebook-side.

Møt opp og sjå god volleyball i Voldahallen i helga! – Velkomne!

Kategori: Nyheiter, Ymse
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media