KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Årsmøte 2019

1 – ÅrsregnskapTorsdag 14. mars er det årsmøte i KFUM Volda Volleyball på Uppheim kl. 19.00

Alle betalande medlemer over 15 år har stemmerett, og vert oppfordra til å møte.

 

Endeleg sakliste:

1.   Godkjenne dei stemmeberettiga

 

2.   Godkjenne innkallinga og sakslista

 

3.   Val av møteleiar, referent og to medlemer til å skrive under protokollen

 

4.   Behandle gruppeårsmeldingar og årsmelding

 

5.   Behandle klubben sin rekneskap for 2018

  • Rekneskapen syner eit overskot på ca. kr. 235.000,-
  • Styret foreslår å gjere slik disposisjon av overskotet:

– Ein set av kr. 50.000,- til eigenkapital for utviding av sandvolleyballbane på Årneset, som ein er pliktig til å ha etter Tippemiddelsøknaden. Beløpet må stå på låst konto.

– Ein set av kr. 150.000,- til buffer for auka husleige i Volda Campus Sparebank1 Arena frå 2020, slik at ein slepp stor auke i treningsavgift.

 

6.   Behandle innkomne forslag og saker

  • Søknad om låneopptak for utviding av sandvolleyballbana på Årneset.

– KFUM Volda volleyball har ei god auke i medlemer som vil trene sandvolleyball. Klubben si bane på Årneset har ikkje kapasitet meir, så leiar og Henning Heltne har jobba med å få fram dette prosjektet. 1. utkast til budsjett, som har blitt brukt til søknad om Tippemidlar syner ei kostnadsramme på kr. 860.000,- inkl. tribunar (spensttreningsanlegg) og dugnad. I dette budsjettet kan vi få kr. 250.000,- i tippemidlar. Styret ber difor om fullmakt til å låne kr. 250.000,- til å forskottere desse midlane, dersom klubben får kommunal garanti for beløpet. (1. utkast til budsjett er vedlagt).
Vi fekk ikkje støtte frå Gjensidigefondet, så vi må på jakt etter andre midlar.

 

  • Innsendt sak frå Bodil B. Helle og Nina Ullaland:

– Sette opp nytt Mål, strategi og visjon for klubben.

– Styret støttar saka. Det har ikkje vore laga eit nytt slikt dokument for KFUM Volda Volleyball sidan 2010, så det er på tide å ta tak i det på nytt. Styret foreslår å ha ein klubbkveld før sesongstart 2019/2020 med dette som tema.

 

 

 

 

7.   Fastsette medlemskontingent/treningsavgift

Forslag til ny kontingt og treningsavgift for sesongen 2019/2020:

Lag Kontingent Treningsavgift Totalt
U13 og yngre kr 450,00 kr 650,00 kr 1 100,00
U15 kr 450,00 kr 950,00 kr 1 400,00
Over U15 kr 450,00 kr 1 350,00 kr 1 800,00
Elevar ved ToppVolley Norge kr 450,00 kr 550,00 kr 1 000,00
Student kr 450,00 kr 550,00 kr 1 000,00
Masters/Mix-laget kr 450,00 kr 650,00 kr 1 100,00
Medlem kr 450,00 kr 0,00 kr 450,00
 

 

     

8.   Vedta budsjett

Eige vedlegg

 

9.   Foreta val av:

Posisjonar: Kandidatar:
·         Leiar og to styremedlemer

 

·         Irene Krumsvik, Ikkje på val

·         Nancy Ann Brattli, Ikkje på val

·         Svein Flåskjer, På val, tek attval

·         Rune Aarflot, leiar, På val, tek attval

·         Jan Olav Brænde, Ikkje på val

·         Kristin Indresøvde, Ikkje på val

·         Leiv Røv, På val, tek attval

 

 

 

 

 

 

 

 

10.    Orienteringsaker

 

  • Styret har vedteke å fremje sak om at klubben melder seg ut av KFUK/KFUM-systemet frå sesongen 2020/2021. Dette grunna ein del ekstra arbeid, utgifter, ekstra dugnadar og at vi per no ikkje oppfyll krava organisasjonen krev av medlemsklubbar.

Frå hausten 2020 vil klubben få eigne kontor, møterom, lager osv. inkludert i leiga hjå Volda Campus Arena AS. Difor vil vi ikkje trenge lokala vi disponerer på Uppheim.

Dette vil kome opp som eiga sak på årsmøtet mars 2020.

 

  • Klubben har starta prosjektet «Minivolleyball i barneskulen» på Øyra skule, etter å fått midlar til dette frå NVBF Møre og Romsdal. Vi har kjøpt inn to longnet, og 30 ballar til skulen, og planen er å få kome i gong med prosjektet iløpet av våren 2019.
    I etterkant av starten på prosjektet har vi vore i dialog med Hornindal il., volleyball, og i fellesskap søkt om Kulturbyggingsmidlar frå Nye Volda kommune. I første omgang vil vi utvide til at Hornindal skule vil inngå i prosjektet, men om vi får tilslag frå andre søknadar vil vi også utvide til Folkestad, Austefjord og Dravlaus skule. Målet er at dette skal botne ut i ei skuleturnering i 2020, gi auka rekruttering og revitalisering av Hornindal IL, volleyball. KFUM Volda Volleyball vil lønne Maria Todorova for å gjere denne jobben.

 

  • Organisasjonen Idrett utan alkohol har henvendt seg til oss med spørsmål om å vere med i eit prøveprosjekt med idrettsfritidsklubb fredagskveldane. Prosjektet vender seg mot ungdom mellom 13 og 18 år, og skal basere seg på Teen-volleyball. Organisasjonen har inngått eit samarbeid med NVBF, og KFUM Volda volleyball er ein av tre klubbar i landet som er med i prosjektet. Idrett utan alkohol har søkt om midlar frå Kulturdepartementet, og KFUM Volda volleyball vil søke om midlar til prosjektet lokalt. Planen er at ein person blir løna for arbeidet, og 2-4 andre hjelper til.

 

  • Leiar i NVBF region Møre og Romsdal, Olav Fure, vil orientere om forslaget til ny organisering av Norges Volleyballforbund.

 

Årsmøtedokument:

Revidert rekneskap blir lagt fram på årsmøtet.
innkalling årsmøte 2019

Årsmelding KFUM Volda volleyball 2018-19 (oppdatert 12.3.2019)

årsmeldingar lag 2018-2019 

budsjett 2019

budsjett 2020

1 – Årsregnskap

Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media