KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Vil du spele Elite saman med oss?

KFUM Volda Volleyball sitt damelag har fått tilbod om eliteserielisens frå sesongen 2019/2020. Den vil vi gjerne takke ja til. Vi har ei solid stamme i laget, men ynskjer fleire spelarar som held elitenivå velkomen til klubben. Er du ambisiøs, hardtarbeidande og treningsvillig, og ynskjer å studere eller jobbe i Volda vil vi gjerne at du tar kontakt med oss.

Klubben har ei sterk jenteside, der både U15 og U19 laga har teke sølv i NM i år.

Hovedtrenar for jente- og damelaga i klubben er bulgarske Vladislav “Vlado” Todorov. Vlado er lidenskapeleg oppteken av volleyball, og har trena fleire proff- og landslag før han og familien kom til Volda for fem år sidan. Vlado er ein svært kompetent trenar som ser den enkelte spelar og legg til rette for utvikling til kvar einskild. Han stiller krav, er tydeleg, men samtidig flink å rose og motivere spelarane.

Ny hall frå 2020

I sommar tek bygginga av den nye hallen vår Volda Campus Sparebank1 Arena til. Og frå hausten 2020 blir dette den nye heimebana til KFUM Volda Volleyball. Hallen blir ein storhall for innandørsidrettar, og er spesielt tilrettelagd for volleyball og handball. Vi kan blant anna nemne 12,5 meter fri takhøgd, og sitjeplass for nesten 2500 personar om ein spelar på centercourt. Den nye hallen ligg midt i høgskuleområdet i Volda og blir næraste nabo til fleire av bygga til Høgskulen i Volda.

 

Kva kan du gjere på i Volda?

Volda er best kjend som StudiebygdA Volda. Høgskulen i Volda tilbyr mange ulike studium. Her kan du velge mellom mange ulike studietilbod, sjå alle studietilboda her: https://www.hivolda.no/studium

Volda er kjent for sitt gode studentmiljø og sin flotte natur.  Studenthuset Rokken har eit av dei beste konserttilboda mellom Bergen og Trondheim. Studentsamskipnaden i Volda bygg no, i 2019, 200 nye studentbustadar, rett ved campus. I tillegg er her eit godt utval av hyblar og leilegheiter i privatmarknaden.

I Volda bur du i hjartet av Sunnmørsalpane, og om du er interessert i friluftsliv og fjellaktivitetar, sommar som vinter, er du komen til rett plass.

Om du er ferdig å studere og ynskjer å søker jobb i Volda og omegn, er mulighetene mange. Både høgskulen og sjukehuset ligg i Volda, og det er kort avstand til den maritime næringa i Ulsteinvik/Fosnavåg med gode jobbmoglegheiter. I nabobygda Ørsta ligg VIK Ørsta og Ørsta Stålindustri, i tillegg har Kvivsvegen åpna for lett å pendle til Hornindal/Stryn.

Flyplassen ligg midt i mellom Volda og Ørsta og har fleire daglege avgangar til byar og tettstadar i Noreg. I tillegg er det også god busskommunikasjon.

For meir informasjon om laget kan de ta kontakt med Bodil B. Helle på tlf. 988 43 883.

Laget som vann rankingturneringa i Farsund, april 2019.

Kategori: Damelaget, Nyheiter
Merkelappar: , , , , , .
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media