KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Heiar på utviding av sandvolleyballanlegg på Årneset

Volleyball er i vinden som aldri før i Volda, etter at KFUM Volda Volleyball gjer det betre og betre, både på aldersbestemt og senior nivå. Klubben merkar også den internasjonale suksessen til Beachvolley Vikings, og fleire yngre spelarar har no ønske om å spele sandvolleyball, også i Volda. Klubben planlegg difor å utvide anlegget på Årneset med to minisandvolleybaner som er spesielt tilrettelagt for born under 13 år. For å sparke i gang prosjektet vil SpareBank 1 Søre Sunnmøre doble spleisen som er oppretta med inn til kroner 50.000,-.

– SpareBank 1 Søre Sunnmøre skal vere ei drivkraft for å gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre. Som hovudsponsor av KFUM Volda Volleyball er det naturleg å heie på prosjektet som vil styrke fasilitetane ytterlegare, seier Vidar Egset, Banksjef HR i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, og legg til:

– Årneset er ein flott samlingsstad alle i Volda burde vere stolte av. Ved å utvide anlegget med fleire volleyballbaner trur vi fleire vil nytte seg av fasilitetane, både til trening og sosial aktivitet. Vi håpar også andre ser verdien av prosjektet til KFUM Volda Volleyball, og blir med på spleiselaget.

Spleisen finn du her: https://www.spleis.no/project/70510

Sponsorkontakt Irene Krumsvik frå KFUM Volda Volleyball takkar Vidar Egset frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre for det flotte initiativet til banken i samband med Spleisen vi har laga for å utvide på Årneset.

Kategori: Nyheiter
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media