KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Siger for elitedamene i Bergen

Søndag 22. september deltok KFUM Volda Volleyball sitt elitelag i øvste klassa i Åpningsturneringen i Bergen saman med tre lag frå elite-og 1. divisjon.

Allereie i første innleiande kamp møtte Volda-damene eliteseriekollega TIF Viking. Damene gjekk respektlaust til verks og var i føringa med nokre poeng nesten heile settet før bergensarane snudde til settsiger 25-23. I andre settet var Viking jamt over sterkare og vann komfortabelt. I andre kamp møtte KFUM Volda førstedivisjonslaget BSI. Dette er eitt lag voldingane hadde bra tak på i fjor. Sjølv om studentlaget yppa seg i første del av begge setta, vann KFUM Volda ganske komfortabelt 2-0 med settsifra 25-17 og 25-21. I tredje kamp stod TIF Viking 2 på andre sida. Dette er også eitt lag KFUM Volda hadde bra kontroll på i fjor. Viking yppa seg mot slutten av førstesettet, men KFUM Volda drog i land settet med 26-24. Andre settet hadde KFUM Volda god kontroll og vann greitt 25-12. Dermed var KFUM Volda klare for finaleplass mot Viking sitt elitelag.

 

Revansj i finalen

I finalen fekk KFUM Volda høve til å revansjere tapet i gruppespelet. Førstesettet starta om lag som i første kampen med Volda-dominans, men denne gongen greidde voldingane å halde settet ut og vann 25-21. Andresettet vart ein mykje jamnare affære, der laga følgde kvarandre tett. TIF Viking hadde settball som KFUM Volda greidde avverge og vann til slutt eitt spennande sett 26-24 og dermed kampen 2-0. Med det sikra KFUM Volda pokal, medaljar og ein pengepremie.

Godt førebudde

KFUM Volda Volleball er godt budde for sesongen. Laget har trent godt heile sommaren, og har greidd å halde på spelarane som var med på å kvalifisere laget for eliteserien. Viktige Rali Emilova frå Bulgaria har valt å ta ein ny sesong i Volda. I tillegg er laget forsterka med Jenny Juliebø frå Blindheim. Trenar Vlado Todorov var nøgd med utbyttet etter å testa ut nye spelarar og nye formasjonar. Dette lovar godt for debuten i eliteserien som startar med med dobbel heimekamp mot høvesvis TIF Viking og Førde helga 5.-6. oktober. Men før det vil KFUM Volda møte NTNUI frå Trondheim og ToppVolley Norge frå Rogaland i eliteturneringa komande helg.

 

Kaptein Vilde Stakseng smashar gjennom blokka. Begge foto: Einar Juliebø

Kategori: Damelaget
Publisert:
Skrive av: Håkon Bø
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media