KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Vi er klar for Sparebank1 Eliteturnering 2019

KFUM Volda Volleyball arrangerer for tredje året på rad Sparebank 1 Eliteturnering for dei beste elitelaga i Norge – og i år for første gong med eige lag i dameturneringa!

I helga 27.-29. september arrangerer KFUM Volda Volleyball Sparebank 1 Eliteturnering i Voldahallen og i Ørstahallen for dei beste elitelaga i landet. Nytt i år er at turneringa vert utvida med damelag, og vi kan stolt melde at KFUM Volda stiller for første gang med eige elitelag! Klubbens ferske elitelag vann Åpningsturnerinen i Bergen førre helg, og er såleis godt budde til å møte god motstand i helga.

På herresida deltek fire av Norges sterkaste lag. Det er fjorårets seriemeister og cupvinnar Førde, fjorårets grunnserievinnar Koll Volleyball, andreplass i fjorårets serie Viking og nyopprykte NTNUI. Alle laga som kjem har faktisk spelarar i stallen som har utvikla seg gjennom aldersbestemte lag i KFUM Volda, så det blir spennande å sjå dei i aksjon på elitenivå.

Eliteturneringa vart arrangert for første gong hausten 2017. Målet med turneringa har vore å gi elitelaga i Norge ei best mogleg matching før eliteserien startar første helga i oktober.

-I tillegg har vi vært opptatt av at rammen skal være mest mulig likt kampgjennomføring i eliteserien, som blant annet betyr at lagene får nok tid til restitusjon mellom kampene, seier sportsleg leiar i klubben, Leif Røv.

 

Turneringa opnar med første kamp i Voldahallen på kvelden fredag 27. september. Her møter heimelaget KFUM Volda studentane i NTNUI. Så går det slag i slag med kampar i Voldahallen og Ørstahallen laurdag og søndag. – Det blir med andre ord ei helg med mykje god volleyball både i Voldahallen og Ørstahallen, og vi håper at alle volleyballinteresserte, familie og kjende av spelarane kjem innom hallane for å sjå kampar på landets høgste nivå, seier leiar i klubben, Rune Aarflot.

 

Hovdedsponsor for KFUM Volda Volleyball og  Eliteturneringa er Sparebank1 Søre Sunnmøre

 

Kampoppsett:

Kampoppsettet er no klart!
Fredag:
Voldahallen:
Dame:
20:00 KFUM Volda Volleyball – ToppVolley Norge

Laurdag:
Voldahallen:
Dame:
09:30 KFUM Volda Volleyball – NTNUI
11:30 ToppVolley Norge – KFUM Volda Volleyball
14:00 ToppVolley Norge – NTNUI

Ørstahallen:
Herre, bane 1:
17:00 NTNUI – Førde

Herre, bane 2:
10:00 Viking – NTNUI
13:00 Førde – Koll
16:00 Koll – Viking

Søndag:
Voldahallen:
Herre:
10:00 Koll – NTNUI
13:00 Førde – Viking

Ørstahallen:
Dame, bane 1
09:30 NTNUI – ToppVolley Norge
12:00 NTNUI – KFUM Volda Volleyball

 

Peikar til arrangementet på Facebook: https://www.facebook.com/events/966859753653163/permalink/978111119194693/

 

 

 

 

Kategori: Nyheiter
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media