KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Vil du spele Elite saman med oss?

KFUM Volda Volleyball sitt damelag gjorde ein god debutsesong i Mizunoligaen i sesongen 2019/2020 med 5. plass og har no starta førebuingane til neste sesong. Vi har ei solid stamme i laget, men ynskjer fleire gode spelarar velkomen til klubben. Er du ambisiøs, hardtarbeidande og treningsvillig, og ynskjer å studere eller jobbe i Volda vil vi gjerne at du tar kontakt med oss.
 
Hovedtrenar for damelaget i klubben er bulgarske Vladislav “Vlado” Todorov. Vlado er lidenskapeleg oppteken av volleyball, og har trena fleire proff- og landslag før han og familien kom til Volda for seks år sidan. Vlado er ein svært kompetent trenar som ser den enkelte spelar og legg til rette for utvikling til kvar einskild. Han stiller krav, er tydeleg, men samtidig flink å rose og motivere spelarane.

Les intervju med lagkaptein Vilde Femsteinvik av Høgskulen i Volda

Ny hall frå 2020

I fjor tok bygginga av den nye hallen vår, Volda Campus Sparebank1 Arena til, og frå hausten 2020 blir dette den nye heimebana til KFUM Volda Volleyball. Hallen blir ein storhall for innandørsidrettar, og er spesielt tilrettelagd for volleyball og handball. Vi kan blant anna nemne 12,5 meter fri takhøgd, og sitjeplass for nesten 2500 personar om ein spelar på centercourt. Den nye hallen ligg midt i høgskuleområdet i Volda og blir næraste nabo til fleire av bygga til Høgskulen i Volda.
 

Kva kan du gjere på i Volda?

Volda er best kjend som StudiebygdA Volda. Høgskulen i Volda tilbyr mange ulike studium. Her kan du velge mellom mange ulike studietilbod, sjå alle studietilboda her: https://www.hivolda.no/studium
Volda er kjent for sitt gode studentmiljø og sin flotte natur. Studenthuset Rokken har eit av dei beste konserttilboda mellom Bergen og Trondheim.
I Volda bur du i hjartet av Sunnmørsalpane, og om du er interessert i friluftsliv og fjellaktivitetar, sommar som vinter, er du komen til rett plass.
 
For meir informasjon om laget kan du ta kontakt med sportsleg leiar Leif Røv på tlf. 916 97 697, eller oppmann Håkon Bø på hbo@hivolda.no.
Kategori: Damelaget, Ymse
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media