KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

KFUM Volda Volleyball tildelt NM U15 i 2021

Måndag kveld fekk vi den kjekke beskjeden frå Norges Volleyballforbund om at vi er tildelt NM U15 i mars 2021, eventuelt mars 2022, om koronasituasjonen gjer at Førde VBK ikkje får arrangere eit utsett NM U15 for 2020 no i oktober. Arrangementet går over fire dagar, med start torsdag 18. mars og finalar og sluttspel søndag 21. mars.

KFUM Volda Volleyball søkte om å få arrangere eitt av fleire NM i 2021 og 2022, og vi er veldig nøgde med tilliten NVBF har vist oss ved å tildele oss NM U15 i 2021.

NM U15 er det største innandørs volleyball-arrangementet i landet. I U15 NM deltek 24 jentelag og 24 gutelag. Laga kan bestå av inntil 14 spelarar og tre i støtteapparatet. Laga kjem frå heile landet og kvalifiserer seg gjennom regionale meisterskap. Som arrangør har KFUM Volda Volleyball automatisk kvalifisert seg med både jente- og gutelag. Vanlegvis er det om lag 700 spelarar som deltek, i tillegg kjem mange tilreisande foreldre, sidan eit U15-NM er det første møtet med nasjonal konkurranse i volleyball for dei fleste av spelarane.

 

Det er ein omfattande prosess å søkje om å få arrangere eit NM. Det er krav om at alle deltakarane blir innlosjerte på hotell, og dette skal vere reservert før søknaden blir handsama, bankett med underhaldning skal vere ferdig planlagt, fleire kampar blir direktesendt på internett, det skal serverast mat til heile gjengen kvar dag, vi skal ha fleire kioskar, det må vere tilgjengeleg åtte baner, og det må  vere ein overordna prosjektplan for heile arrangementet. Arrangørklubb må ha ein ryddig og ordna økonomi, og det må utarbeidast eit eige realistisk budsjett for arrangementet. Det bør også vere enkelt å reise til arrangørstaden.

Den største utfordringa for KFUM Volda Volleyball i samband med søknaden var å skaffe nok overnatting til alle deltakarar og ein stad som var stor nok til å kunne ha bankett for alle spelarane. KFUM Volda Volleyball har førehandsbestilt alle seks hotella på Søre Sunnmøre til overnatting. Sidan  ingen av hotella har kapasitet til å ha ein så stor bankett, planlegg vi å ha banketten i Propellhallen kulturarena midt i Volda sentrum, med Osdal Catering som leverandør av mat. Klubben har avtalt med Høgskulen i Volda at studentar frå medieseksjonen skal sende kampane, filme og ta foto under arrangementet.

Å få frakta spelarar til og frå hotella og hallane, og til banketten laurdag, blir ei stor logistikkutfordring under arrangementet. Vi jobbar her med å få til at det blir eigne bussar for spelarane.

 

Dette arrangementet blir det første store idrettsarrangementet i Volda Campus Sparebank1 Arena dersom vi får arrangere i 2021 som planlagt. Det er heilt klart at vi som klubb aldri kunne søkt om å få arrangere eit slik NM hadde det ikkje vore for den nye hallen. Sidan kravet til tal speleflater er åtte baner, kjem vi også til å ha kampar i Ulsteinhallen, men Volda Campus Sparebank1 Arena blir hovudhallen. At KFUM Volda Volleyball no får tildelt eit NM, 20 år sidan førre gong, er ein direkte årsak av at klubben valde å bygge ny hall saman med Volda handballklubb, med Volda kommune og Sparebank1 Søre Sunnmøre på laget. Denne satsinga gir klubbane ein heilt ny kvardag, og gir både oss og Volda kommune nye moglegheiter vi ikkje har hatt tidlegare.

 

KFUM Volda Volleyball har heldigvis mange gode medlemer og ressurspersonar i organisasjonen, så vi har trua på at dette blir eit flott arrangement som set Volda på kartet. I tillegg kjem vi også til å samarbeide med andre lokale lag for å få arrangementet i hamn.

 

No håpar vi Førde VBK får arrangere sitt NM U15 (som skulle arrangerast i mars) i oktober, og gler oss til ein heidundrandes volleyballfest i Volda 18. – 21. mars 2021.

 

Aldersbestemte spelarar frå KFUM Volda Volleyball gler seg til å få spele i Volda Campus Sparebank1 Arena. På bildet ser vi Birte, Edna, Mathilde, Iver og Iven. Foto: KFUM Volda Volleyball.

 

For meir informasjon om arrangementet:
Rune Hauge Aarflot, leiar KFUM Volda Volleyball, tlf. 91 57 46 17

David Cox, avdelingsleiar konkurranse og arrangement Norges Volleyballforbund, tlf. 94 87 91 73

Kategori: Nyheiter
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media