KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Siste kamp i Voldahallen

No til helga er det klart for ny heimekamp i Mizunoligaen, mot Oslo Volley på laurdag. Dette er siste kamp i Voldahallen, ein hall som har husa mange store kampar sidan 1978. Neste heimekamp vil verte spelt i den nye storstova, Volda Campus Sparebank1 Arena.

KFUM Volda slo tilbake sist helg etter å ha fått ein tøff start på sesongen. Botnlaget Skjetten vart overvunne i tre strake sett med 25-10, 25- 14 og 25-18. Voldingane gav aldri Skjetten og polske Edyta Szynalik høve til å kome inn i kampen og var solide i alle spelets fasar. KFUM Volda ligg framleis i nedre del av tabellen, og bør prøve å knipe poeng i dei komande kampane for å trygge plassen i eliteserien.

Laurdag er det Oslo Volley som er motstandar. Hovudstadslaget har kjempa i toppen av Mizunoligaen i mange år, og har mange rutinerte spelarar som har vore markante over fleire sesongar. Denne sesongen ligg Oslo Volley førebels på 5. plass etter tre sigrar og tre tap. KFUM Volda tapte 1-3 mot Oslo Volley i første seriekamp, men i tilsvarande kamp i fjorårssesongen vann voldingane 3-1.

KFUM Volda har så langt møtt nokre av dei laga som er forventa å kjempe heilt i toppen. Oslo Volley er eitt av dei laga i mellomsjiktet som dei bør ta poeng mot for å sikre plassen i Mizunoligaen. No blir det spanande å sjå om Volda-damene greier å halde fram med dei gode taktene frå sist helg i den siste  heimekampen i Voldahallen.


KFUM Volda

Eit bilete som inneheld idrett, spel, bygning, volleyball

Automatisk generert skildring
Foto: Kristian Kolnes

Kategori: Damelaget, Nyheiter
Publisert:
Skrive av: Håkon Bø
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media