KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Jule- og innflyttingsgåve til KFUM Volda Volleyball

I samband med innflyttinga i Volda Campus Sparebank1 Arena vart tidenes julegåve til Volleyballen overrekt av Veronica Pilskog og  Arne Lothe frå Sparebank1 Søre Sunnmøre – ei Globus Winshot 1500 servemaskin! Ei slik maskin har stått på ønskelista til klubben i fleire år og no vart det endeleg ein realitet, seier leiar i klubben Kristin Indresøvde. Dette kjem godt med under trening, og vil styrke forsvarstrening for alle lag i klubben. Det vil også redusere skulderslitasje og frigje kapasitet av trenarar/støtteapparat, som tidlegare var nøydde til å serve sjølve.

Ein del klubbar i Noreg har allereie ei tilsvarande maskin, men det er ikkje vanleg inventar i ein kvar volleyball klubb, så vi er svært nøgde og heldige som har ein slik støttespelar som Sparebank1 Søre Sunnmøre, seier Kristin.

Klubben kjem i all hovudsak til å bruke servemaskina frå U15-laga og oppover, men den vil også verte brukt (på svak styrke) for dei yngre spelarane slik at dei også får kjennskap til det nye vidunderet.

Maskina kan skyte ut ballar i hastigheit opp til 140 km/time, og i dag vart den testa ut på 70% av maksimal styrke, og damelaget sa dei kjende det godt. Med denne maskina har vi moglegheit å juster styrke, lengde, og ulike typar serve som hoppserve, flakkserve og ulike variantar med vanskeleg spinn. Denne investeringa vil også styrke Volda sine moglegheiter til å kunne arrangere diverse treningssamlingar for både regionslag og landslag.

Banksjef Arne Lothe fekk også prøve seg i mottak frå servemaskina, og klarte seg svært bra.

Kategori: Nyheiter
Publisert:
Skrive av: Kristin Indresøvde
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media