KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

DRIVKRAFT-stipend og oppgradert sponsoravtale

På KFUM Volda Volleyball si trening onsdag kveld, blei avtalen med generalsponsoren Sparebank 1 Søre Sunnmøre fornya. To unge talent vart også overraska med DRIVKRAFT-stipend.

Administrerande direktør Stig Brautaset i SpareBank 1 Søre Sunnmøre og leiar i KFUM Volda Volleball Kristin Indresøvde signerer ny og oppgradert sponsoravtale.

– Vi er svært nøgde med Sparebank 1 Søre Sunnmøre som samarbeidspartnar og sponsor, seier leiar for KFUM Volda volleyball, Kristin Indresøvde, som er glad for kontraktforlenginga. – Det som er fint i Volda er at både handballen og volleyballen ligg på eit så høgt nasjonalt nivå, seier Stig Brautaset, administrerande direktør i Sparebank 1 Søre Sunnmøre og ser utover hallen med eit tak høgt nok for internasjonale volleyballkonkurransar. – Den nye arenaen vil også trekkje til seg studentar til bygda, det er ein vinn-vinn situasjon som ein ikkje skal undervurdere, slår han fast. – Banken har hovudkontor i Volda og kan ikkje fare nokon plass, difor er det positivt at Volda blir ein så attraktiv plass, smiler Brautaset.  ­

Mizunoligalaget til KFUM Volda Volleyball saman med Stig Brautaset og Arne Lothe frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Kommunikasjonsansvarleg for banken, Veronica Kvalen Pilskog, seier at det er ein oppgradert sponsoravtale på grunn av flytting til den nye hallen Volda Campus SpareBank 1 Arena. – Vi samarbeider med volleyballen godt og har planar om fleire arrangement, seier Pilskog. – Vi gler oss til å vere med å heie fram Volda i den nye arenaen og skape god stemning, seier ho forventningsfullt, – spandere kaffi på publikum kan vi òg gjere av og til, smiler ho. – Det er lett å sjå kor viktig volleyballen er for Volda. Det høge nivået er svært attraktivt for høgskulestudentar med volleyballtalent frå fleire delar av landet, fortel Pilskog. – Med hovudkontor i Volda er det veldig kjekt å kunne bidra til å gjere nettopp dette mogleg, seier ho.

– Vi satt tidlegare denne veka og bestemte kven som skulle få årets drivkraftstipend og då landa vi mellom anna på Hedda og Nora Øvereng, fortel Pilskog. – Då måtte vi berre nytte høve i dag no som alle på laget var her, seier ho lurt. – Då samkøyrde vi det med Kristin Indresøvde for å forsikre oss om at Hedda og Nora var her i dag, ler ho og ser bort på Indresøvde som kan bekrefte at ein liten kvit løgn måtte til for ikkje å røpe noko.– Vi har tett dialog med klubben noko som gjer slik at blant anna dette er mogleg, forklarar Pilskog.

– Hedda og Nora er svært flinke spelarar som har utmerka seg og hatt ei bra utvikling i klubben, seier Indresøvde. – Dei legg ned mykje arbeid og har ambisjonar og det er kjekt å få vere med og følgje dei vidare, seier Arne Lothe, avdelingsbanksjef for personmarknaden i Volda. Det er fleire grunnar til at det blei akkurat dei to tvillingane som fekk drivkraft-stipend denne gongen. – Vi har følgt med over tid og har alltid auge og øyre opne for talent i område, forklarar Lothe. – Vi har blitt tipsa fleire gongar om at dei er gode kandidatar i tillegg til at dei har utmerka seg på eit nasjonalt nivå, held ho fram. – Så var det umogleg å skilje dei. Dette kan Kristin Indresøvde bekrefte. – Dei spelar same posisjon på bana og statistikkane etter kvar kamp er ganske så jamne mellom jentene . Den eine er kanskje betre på serve medan den andre er betre på blokk, forklarar ho.

Avdelingsbanksjef Arne Lothe overrekkjer DRIVKRAFT-stipenda til Nora og Hedda Øvereng.
Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Rune Aarflot
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media