KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Ny spelar til KFUM Volda Volleyball

Leiar i KFUM Volda volleyball Kristin Indresøvde ynskjer Pernille Granlund velkomen til Volda Campus SpareBank 1 Arena.

Pernille Granlund er klar for KFUM Volda Volleyball og Elitelaget til hausten. Ho er 26 år og frå Kragerø, og har dei siste 6 sesongane spelt 1. divisjon og Elite for Skjetten Volleyballklubb. No vert ho å sjå i Voldadrakt i allefall dei komande tre sesongane.

Pernille er oppleggar, og ein spelar som har god oversikt og er roleg på bana. Ein av hennar sterke sider er å motivere og få med seg resten av laget spesielt i tunge og jamne kampar. Ho skal studere til sosionom i Volda, og vert derfor å sjå i voldadrakt i allefall dei neste tre sesongane.

Pernille seier ho valde studiar i Volda og KFUM Volda Volleyball grunna at ho har høyrt mykje godt om klubben og studiestaden Volda. Ho veit at Vladislav Todorov er ein flink trenar, og håpar han kan vere med på å utvikle henne vidare. Pernille har også høyrt mykje positivt om volleyballmiljøet i Volda.

Vi ynskjer Pernille velkomen til Volda og KFUM Volda Volleyball og gler oss til å sjå henne i aksjon dei neste åra. Vi gler oss til sesongstart i Volda Campus Sparebank1 Arena og å endeleg få spele kampar att!

Kategori: Damelaget, Nyheiter
Publisert:
Skrive av: Camilla Elin Dahl Humberset
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media