
Gratis sommarcamp!

Det er framleis mogeleg å melde seg på sommarcampen: Ei veke med mykje spennande aktivitet med base i Volda Campus SpareBank 1 Arena.
Mange har allereie meldt seg på, så veke 27 og 30 er fulle, men det er framleis nokre ledige plassar i veke 28 og 20.
Sommarcampen har base i Volda Campus SpareBank 1 Arena og er for dei som startar i 5.-10. klasse til hausten. Sommarcampen går av stabelen i veke 27, 28, 29 og 30.
- Påmelding: https://www.voldasommarcamp.no/
Allsidige aktivitetar
Campen er eit samarbeid mellom KFUM Volda Volleyball, Volda handballklubb, Sunnmørsk Klatreklubb og Volda E-sportklubb. Tilbodet er fire enkeltståande veker fylt med aktivitetar som livredding, handball, volleyball, klatring og buldring, e-sport, kajakk og bading. Handballklubben samarbeider med fleire andre klubbar om opplegget.
Tilbodet er ein del av «Sommarskulen» i Volda, er helit gratis og gjeld alle elevar i Volda kommune.
Gjennom sommarskulen kan barn og unge vere i positiv aktivitet i sommar.
– Vi har fått eit tilbod som gjer at barn kan finne ein aktivitet og ein læringsarena der dei opplever meistring og får sosial omgang med jevnaldrande, seier Håvard Strand.
Sikkert smittevern
Meir informasjon og fullstendig oversikt over aktivitetar får du når det nærmar seg campstart. På grunn av pandemien kan det kome endringar på kort varsel.
Deltakarar på sommarcampen er forsikra gjennom Volda kommune. Det er ingen krav til spesielle ferdigheiter for å melde seg på.