KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Opningskonsert

Vi feirar musikken til Elton John med eit show i storskalaen! I Volda si nye storstove Volda Campus SpareBank1 Arena får vi Kjetil Grodås, Norges svar på den britiske legenda på scena. Han gjer Elton John betre enn nokon andre. Heilt frå han rakk opp til tangentane på pianoet har det gått i låtar som ”Mr. Rocket Man”.Låtane til Elton John er blitt ein del av vårt kulturelle vokabular, minner og assosiasjonar – om vi plukka dei opp på 70-, 80-, 90-tallet eller seinare. Det er då med dobbel botn at denne konserten heiter det samme som Eltons første store hit, «Your Song». På konserten i Volda har Kjetil Grodås med seg Øyvind Lied, Julijane Vassbotn, JEKI, Ulf Kristiansen og Sverre Eide som vi kjenner frå The Voice. Kjendisfaktoren er også tilstades når Carina Dahl som er med i haustens Stjernekamp på NRK også står på scena med Grodås og resten av ensemblet.»Vi høyrer på ønska til publikum! Etter Elton John tribute-konserten laurdag avsluttar sjølvaste DJ Rune Rotevatn kvelden med 80- og 90-talsmusikk. Då blir det plass til å danse!Kjøp billett: https://ebillett.no/90032700000000

Kategori: Ymse
Publisert:
Skrive av: Camilla Elin Dahl Humberset
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media