KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Terje Kolsvik – ein 15 år gamal bauta

Terje Kolsvik som 17-åring avbilda av Næravisa i 1989

I serien om gamle KFUM Volda-minner er
turen i dag komen til ungguten frå Steinkjer
som kom til Volda for å gå gymnas og spele
volleyball.

I åra 1987 til 1990 var KFUM Volda framleis eit storlag i norsk volleyball.
På dette laget var storspelarar som Rune Humberset, Dag Tore Hagen, Magne Vågen, Oddbjørn Dalen, og fersk til klubben kom Terje Kolsvik frå Steinkjer i ein alder av 15 år. Terje vart seinare ein bauta i norsk volleyball med fleire år i eliteserien og fekk fleire noregsmeisterskap i beltet. Trenar for KFUM Volda på denne tida var Geir Humberset. Han minnst godt då Terje kom til klubben.

– Terje var svært voksen for alderen. Han var seriøs i satsinga på volleyball
og var også seriøs med skulearbeidet. Han budde på hybel hjå oppmann Arnfinn Krogsæter og vart vel meir som eit familiemedlem i det huset den tida han var her. Terje var eit stortalent frå Egge i Steinkjer og vart tidlig sett i bruk på både aldersbestemte lag og i eliteserien. På gutelaget var han med rundt  i trange gymsalar og var så god for alderen at omgrepet «legg til Terje» vart stadig brukt i krisesituasjonar. Han tok overgangen til Volda og nivået veldig fort og kunne brukast i eliteserien etter berre nokre månadar på laget, seier Geir Humberset.

Terje Kolsvik spelte på KFUM Volda frå sesongen 1987/88 til sesongen 1989/90. Då var laget i toppserien før omlegginga til «eliteserien» vart fastsett i 1988. Då rykte KFUM Volda ned til det som då vart 1.divisjon.
I Næravisa datert til 8. mars 1989 ser vi to-siders oppslag om KFUM Volda. Overskrifta «KFUM-kamerater, hva nå?», seier vel sitt. Her skrivast det om at voldingar må sjå langt etter å få resultata opplest på sportsrevyen, og at ein gullalder er over. Terje vart den gang intervjua i avisa om lagets framtid.

– Målet for herrelaget neste sesong bør vere å kjempe seg rett opp i eliteserien. Eg håper treningsforholda vert lagt til rette slik at det blir mogleg, seier landslagsaktuelle Terje Kolsvik (17). Eg vert gjerne verande i Volda ett år til om laget mitt satsar på opprykk til eliteserien neste sesong, fortset Terje, som gjerne kan tenkje seg å verte proff dersom sjansen byr seg.

Ein alvorleg Terje om situasjonen KFUM Volda har hamna i

No er Terje tilsett i DinTur AS med base i nord-noreg. På epost stilte vi Terje nokre spørsmål om tida han hadde i Volda.

Kva minner har du frå bygda Volda?

– For meg som kom til klubben som tenåring var det fantastisk å kome til Volda. Berre trivelege folk! Hadde det vore i dag, hadde eg nok også satt litt meir pris på den fantastiske naturen i bygda.

Kva gjorde du utanom volleyball då du budde her?

– Eg budde hjå familien Krogsæter fyrste året. Dei var utruleg snille med meg! Bjørn (Krogsæter, tidl. utlandsproff red.anm) var delvis heime og delvis i militæret det året. Når han var i Volda spelte vi kortspel om alt mogleg. Med straff til taparen. Hugsar eg sprang naken ned Røyslidvegen meir enn ein gang. Elles var det ei vanleg straff å stille spesielt dumme spørsmål på spelarmøter osb. Kvardagen gjekk i skule og trening, og eg var så heldig at eg vart saman med ei kjempefin volda-jente andre- og tredjeåret.

Kan du hugse ein spesiell kamp for KFUM Volda?

– Eg hugsar best ein 3-2 siger over Randaberg i semifinalen i cupen hausten 1987. Det var nok ein av dei fyrste kampane eg verkeleg kunne bidra på bana – og stemninga i hallen var fantastisk. For meg var det stort å spele med Rune, Dag Tore, Bjørn og Oddbjørn!

Til slutt; har du ei historie du hugsar godt frå ein utlandstur med laget?

– Hugsar godt då vi var i Finland på treningsleir andre året eg var i klubben. Geir Humberset var trenar. Vi vart banka godt på bana, men oppmannen på det finske laget hadde ei søt datter. Ei stund etter at vi var komen heim til Volda hadde Geir med seg eit vakkert brev skriven på engelsk frå denne jenta – eg beit på kroken og svarte ho med eit langt brev. Seinare viste det seg at det var Geir som hadde fått laga dette brevet, og det var visst mange som synes dette var moro. Elles hugsar eg godt kor sint Dag Tore kunne bli på oss angriparar når vi ikkje slo inn det han meinte var «perfekte legg»!

 

Vi takkar Terje Kolsvik for bidraget til den nye heimesida og vonar han vil tenkje ut fleire gode historier til boka om KFUM Volda -50årsjubilanten i 2014!

Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media