KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Serieopning – sigeren let vente på seg

Herrelaget hadde serieopning no i helga, utan dei heilt store resultata. To strake tap mot Blindheim og Ålesund gjorde søndagen svart og trist.

Kun 6 mann stilte til kamp og gjorde så godt dei kunne. I ein stall på 17 mann kan ein spørje seg kvifor det var så få som møtte, men mellom anna konfirmasjonsarrangement var skuld i store delar av fråværet.

Blindheimsguta for sterke
Blindheim stilte med det som må vere 15/17-årslaget. Ein godt samansveisa gjeng med store talent i laget. Dei hadde få problemperioder og glimta til med tidvis meget god angrepsvolleyball. KFUM Volda hang godt med i fyrste sett, og tok dette knepent. Dei neste tre setta klarte ikkje KFUM Volda mobilisere god nok kommunikasjon og med perioder med 7-8 poengtap på rad seier det seg sjølv at det vart vanskelig. Trass i tapet var der lyspunkt i kampen. Gode serverekker frå Knut og godt angrep frå Aziz holdt oss lenge i gang.

Aziz hadde ein god kamp på kanten

Sjanselause mot Ålesund
I kampen mot Ålesund var KFUM Volda rett og slett sjanselause. Ålesund har verkeleg fått fram ein god stall i år og hadde god dekning på alle posisjonar. Volda gjekk hardt ut og prøvde høg risiko på serve, noko som gav gode resultater. Men likevel eigde Ålesund banespelet, og hadde stor og god blokk. Men der er lærdom i alt, og gutane i KFUM gjekk nok ifrå kampen med litt av kvart å tenkje på.

Kampfakta:

KFUM Volda – Blindheim: 1-3
KFUM Volda – Åvk: 0-3

På KFUM Volda: Rune, Valdas, Knut, Aziz, Øyvind og Johannes

Kategori: Nyheiter
Publisert:
Skrive av: Svein Olav
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media