KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

KFUM Kameratane 20-årsjubileum i 1984

Denne spalten om minner frå gamledager kom eigentleg i stand som eit ledd i at vår kjære klubb er 50 år gamal i 2014. Underteikna fann det interessant å samle litt trådar frå spelarar som har vore innom klubben opp gjennom åra.

Framside jubileumsavisa 1984

Eg satte i gang tankesmia på korleis eg skulle gripe fatt i dette prosjektet. På internett fann eg veldig lite historikk om klubben eg har vore ein del av i bortimot 25 år, om ein reknar med åra som saftblandar (Brænne saft, sjølvsagt) på heimekampar.

Etter ein kjapp epost til far min gjekk det nokså nøyaktig eitt døgn før eg sat heime i stova mi med 5 (fem!!!) permar stappa fulle av avisutklipp og bilder systematisk organisert etter årstal. Sjølvsagt dusinvis av bilder av Bjørn Krogsæter, artiklar om anten brødrene Humberset eller brødrene Vølstad, men også lokale artiklar om alt ifrå «Årets kandidater til Sunnmørspostens Nordvestpris» (der Rune Humberset vann i desember 1984 føre store namn som Jan Berg, Narve Hoff og Hallvor Asphol) til «NM-siger til KFUM Volda sitt juniorlag» (då KFUM Volda vann juniorNM etter å ha slått Nessegutten frå Levanger i finalen, og ordførar Rasmus Aarflot tok imot laget med blomehelsing frå kommuna).

Kort sagt vert ein fort sittande nokre timar å blade. Og her ein dag kom eg over markeringa for 20-årsjubileumet til klubben i 1984. Heile den originale jubileumsavisa var intakt og bydde på humor a la 1984 og ei fantastisk oversikt over alle laga. Det var tydeleg andre tider den gangen. Kvart lag hadde stilt med lagbilete og utfyllande tekst om laget. Det er ikkje like enkelt å få til i dag.

Minneverdige saker frå boka:

 

J1
– «Trenaren vår i år er Vidar Råheim, og han er kjempegrei og ein heilt topp trenar. (…) På treningane torsdagar er det ikkje frammøte så bra som på onsdagar, noko dei vanskelege treningstilhøva må ta skulda for.
4 ballar og ein sal utan nett vi må dele med eit anna lag!!»

J3
– «(…) fyrst og fremst vil me ha det gøy på treningane, for volleyball er gøy!»
– På bilete kan vi mellom anna skimte Simone Larsen oppe til venstre og vår eigen leiar Kristin Indresøvde nest ytterst bake frå høgre.

 J4
– «Jentene viser stor interesse for volleyball, og er sjølvsagt også framtidsvona for damevolley i KFUM Volda. Vi bør difor ta godt vare på dei, og hjelpe og støtte dei i heile utviklingsprosessen som volleyballspelarar.»
– Kloke ord frå trenar Geir Vikestrand.

G2
– «(…) ser du ein volleyballspelar i svart og gul drakt, kan du vere nesten 100% sikker på at det er ein spelar frå G2. Vi har nemleg kjøpt oss nye drakter denne hausten.
– Meinar å hugse at desse svarte og gule draktene gjekk i arv i mange år i klubben.

G3
– «På treningane bruker vi å vere mellom 8 og 12 stykk. To kjem til og med heilt frå Ørsta. Sjølv om vi er i den alderen at vi har litt «lopper» i blodet, til Erlings (Erling Hustad, trenar, red.anm) store fortvilelse, byrjar det å verte eit volleyballag ut av oss.»

H1
– «Ellers har Han og LP (Han Langeweg og Lars Petter Eggesbø, red.anm) laga til eit heilproft BB-system for sesongen 1984/1985, med eigne BB-statuettar og divisjonsinndeling (æresdivisjon, 1.divisjon og 2.divisjon).
BB (bondebrigde) er eit svært populært kortspel innan volleyballkretsar.»

– Har sett denne oversikta over «BB-King» i ein av permane. Kanskje det lyt bli ein eigen artikkel om dette?

H2
– Fjorårets resultat var over all forventning med ein sikker 3.plass i serien. Derimot ser ikkje denne sesongen like lys ut. (…) Det seier seg sjølv at saknet av ein trenar gjer seg spesielt store utslag i nettopp dette laget. Av klubbens treningsparti er det kun dette laget som manglar trenar! Når målsettinga er å halde seg i 2.divisjon ser framtida «forholdsvis» mørk ut. (…) Økonomisk sett haltar det og går. Denne sesongen ser noko mørkare ut p.g.a. høgare halleige og lengre reiser til bortekampar. (…) Mange av spelarane er no litt motlause med omsyn på 2.divisjonslaget, men vi trur at dersom laget hadde fått ein habil trenar, ville denne haldninga snudd seg…
– Signert Trond Hjelseth og Jorulf Kyrkjebø.

D3
– På treningane går det på rundgang blant spelarane å henge opp og ta ned nettet. Ørstingane slepp å ta ned nettet, for dei må springe etter bussen!
– Unni Eidså er kontaktperson for laget vårt. Ho strevar med å samle inn medlemskontigent og halleige. (200 kroner er vel dyrt for oss stakkars elevar, så er det sagt om den saka).

D1
Innsatsen på treningane kunne kanskje vore betre. Dette er ei treningssak, og vi jobbar med å forbetre oss på dette området. (…) Av økonomiske grunnar ser vi det som eit realistisk mål å unngå opprykk til neste sesong.

 

Etter presentasjonen av dei ulike laga kjem det gullkorn på rekke og rad. «Volda smash» er noko eg enno ikkje har forstått kva er. Kanskje nokon hugsar kvar denne «galskapen» stammar frå og kan skrive det i kommentarfeltet nedanfor? Artig lesning er det i alle fall!

Volda Smash

 

Hendt og hender er ei samling med artige utdrag frå ymse styremøter og volleyballblad. Frå 1966 kan vi lese at «Klubben søkte Volda kommune om 200 kroner i støtte. Det blei fleire debattar om kommunestyret skulle bevilge oss desse pengane. Slutten på debatten som gjekk i «Møre» i fleire nr. vart at klubben ikkje fekk dei 200 kronene.»

Frå 1972 kan vi lese presentasjonar av Geir Humberset (19 år), Helge Iversen Standal (19 år) og Rune Humberset (15 år) i bladet Vitalisten:

– «Humber er ein av dei som lenge såg opp til sine læremestre frå Ålesund med store auge, og sa med seg sjølv: «At når dei har vorte så gode kan sikkert eg også bli det!» (…) av svakheiter må ein sei at det først og fremst er styrke, smidigheit og spenst han manglar. Han legger godt og slår forhaldsvis hardt (10 cm over nettkanten). Geir kjem sikkert til å spele volleyball til han blir pensjonist.» – og dei fekk vel nesten rett i det.

– «Iver er atleten vår. Sikker som fjell, og gjer mykje bra. Helge har vore på sjøen i sommar for å bli bedre å «fiske», og det har gjeve synlege resultat.«

Rune er bror og beundrer av Geir, og ser fram til den dagen han bikker broren ut av landslaget. (…) Rune har høgda til å verte volleyballspelar, men treng ikkje å bli like tung som broren for å bli god.«

Time-Out!
(eit noko spesielt, men vakkert dikt om den fyrste smashen)

Min første smash
På trening ein kveld i haust kom du mot meg.
Eg såg på deg, rekte ut mi hand,
men kunne ikkje nå deg.
Eg møtte flittig opp på alle treningane
i håp om å nå deg.
Men tida gjekk.
Først ved juletider traff eg deg.
Det var ein opplevelse eg aldri gløymer.
Sidan har eg truffe deg kvar kveld,
min kjære volleyball.
I love volleyball!

Kontaktannonser fekk dei også plass til. Eg mistenker at dette er oppdikta, men likevel greinalaust artig:
1. Lys gut på KFUM-Volda!
Eg såg deg på kampen mot BK Tromsø,
den 17. nov 1984. Du spelte ving.
Eg er den jenta som ropte «hurra!» då du smashet ut.
Eg trudde ballen var inn. Håpar dette ikkje stoppar deg
i å skrive til meg, eller ta kontakt med meg.
«Volleyball-piken»

2. Hei gutt!
Er du den guten eg leitar etter?
Nøl ikkje med å ta pennen fatt og skriv.
Eg er ei jente på 13 år, 160 cm høg.
Blått hår og lange auge,
– nei, eg meiner sjølvsagt langt hår og blå auge.
Foto ønskes.
Bill.mrk. «jenta di»

Til slutt i avisa (og i denne saka) har vi spalten «ellers nevner vi…» frå jubileumsboka:
– Snorre og Leif Reidar har funne seg dame.
– Klubben har fått seg buss. Tusen takk, voldingar!
– Dagmar har problem med å finne seg støvlettar p.g.a. fotball-leggar.
– Han og Mariette har fått seg nye møblar.

 

I galleriet finn du alle dei omtala sidene frå boka.

 

 

 

Kategori: Minner frå gamledagar, Ymse
Publisert:
Skrive av: Svein Olav
Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media