KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Praktisk informasjon til medlemer og foreldre/føresette i klubben

Innmelding:

KFUM Volda Volleyball brukar Idrettsforbundet sitt medlemssystem som heiter Klubbadmin. All medlemsadministrasjon skjer på nettsida deira. For Innmelding går du til Minidrett.no

Har du vore medlem i eit idrettslag tidlegare, er det stor sjanse for at du allereie er registert på minidrett.no

Du loggar inn på sida, klikkar på «Medlemsskap», klikkar på «FInn ny klubb»  søker opp KFUM Volda Volleyball, klikkar på klubben når søkeresultatet kjem opp under søkefeltet. Til høgre i bildet kjem KFUM Volda Volleyball opp med både volleyball og sandvolleyball. Klikk av i begge rutene og klikk på «Send søknad». Du er no registrert som medlem i klubben.

Er du ikkje registrert på MInidrett.no tidlegare, lagar du ny brukar.

Brukarveiledning og meir informasjon om Minidrett.no finn du her

 

Dugnad:

KFUM Volda Volleyball har som hovudregel to dugnadar i året. Inntektene frå desse går til drift av klubben og støtte til laga til reiser og dekking av kostnadar ved NM deltaking.

Dugnadane kan vere sals- eller arbeidsdugnadar. Det er ein om hausten og ein om våren.

Føresette på laga frå U13 og oppover må vere med på desse dugnadane, men det vert sett positivt på om også born deltek på f. eks. salsdugnadar i lag med vaksen. Frå seniornivå (16 år og oppover) forventar vi at spelarane også deltek på arbeidsdugnadar.

Om det er ein omfattande dugnad kan foreldre frå miniaga evt. også bli kalla inn.

Ved salsdugnadar kan det vere minimumstal på salet.

Vi sel lodd for KFUM/KFUK Volda (Uppheim) to gongar i året. Vi kan også bli bedne om å vere med på dugnad på kiosken på Uppheim 17. mai.

Kvart lag kan, etter avtale med styret, arrangere eigne dugnadar om dette er ynskjeleg så lenge det ikkje kjem i konflikt med hovuddugnadane.

 

Kiosk/ansvar i hall ved arrangement:

Ved arrangement i Voldahallen, eller annan hall der KFUM Volda Volleyball står for arrangementet, har gruppa som arrangerer også ansvar for å drive kiosk, rigge hallen, ta ansvar for sekretariat og rydding inne i halle. Oppmann på laget/laga har ansvar for å sette opp lister over kven som skal levere mat, stå i kiosk og utføre andre oppgåver. Spelarar over 16 år vert oppmoda om å delta om dei ikkje skal spele sjølve. Oppmenn får utdelt excel-liste som vert brukt som dugnadsoppsett og sjekkliste.

 

Køyring til og frå kampar

Når foreldre eller utøvarar i KFUM Volda Volleyball køyrer til og frå kampar, skal sjølvsagt alle trafikkreglar fyljast. Alle born som sit på i buss og privatbilar skal vere forsvarleg sikra etter gjeldande reglar.

Ved bortekampar der ein må ta ferje betalar oppmann/vaksenansvarleg ferje for spelarar og det tal på bilar som er naudsynt for laget inklusiv trenar og oppmann. Dette vert betalt med KFUM Volda Volleyball sitt ferjekort. Spelarar som sit på betalar sjåfør følgjande satsar for bensin og slitasje på bil.

Turar t/r :

Sunnmøre/Nordfjord: kr. 50,-

Romsdal/Sogn: kr. 100,-

Nordmøre/Sunnfjord: kr. 150,-

Om nokon av ulike grunnar vel å køyre sjølv i tillegg til det tal på bilar som var naudsynt for å gjennomføre turen, må desse utgiftene dekkast av den enkelte.

 

For elevar ved TVN:

KFUM Volda Volleyball ynskjer spelarar som vil kombinere vidaregåande skule og toppsatsing i volleyball på ToppVolley Norge på Sand lykke til. Vi ynskjer at dei fortsatt skal vere medlemmar i klubben vår, og vil legge til rette for det. For at dei framleis skal vere ein del av laget dei høyrer til i klubben ynskjer vi at dei deltek på treningar og andre aktivitetar i regi av KFUM Volda Volleyball når dei er heime.

Om det er økonomi til det, og trenar på laget ser behovet, vil klubben gi tilskot til reise for å delta på kamp. Vi kan ikkje garantere at det blir praktisert til alle kampar. Om ein spelar sjølv vel å reise heim og stille seg disponibel til heimekamp, er spelaren velkomen til dette. Det vert forventa at foreldre (og spelarar) til elevar på Sand stiller på dugnadar på lik linje med andre foreldre/medlemmar i klubben.

 

Landslagsspelarar:

Klubben har som mål å ha deltakarar på dei aldersbestemte landslaga. Dei som vert tekne ut på samling kan dirfor søke om økonomisk støtte til deltaking. Pr. i dag er støtta på kr. 500,- ved bruttotroppssamling, og kr. 500,- ved endeleg opptak. Støtta kan søkast om ein gong pr. sesong. Støtteordninga blir vurdert av klubben frå sesong til sesong ut frå den økonomiske situasjonen til klubben.

 

Utviklingssamlingar:

Klubben synest det er viktig at alle spelarane i klubben får utvikle seg. Spelarar på dei aldersbestemte laga vert derfor oppmoda til å delta på desse samlingane. Linkar til deltakingar og betaling vert difor formidla gjennom oppmann på kvart lag.

 

Speling for lag i eldre klasser:

Om trenarane på begge lag meiner spelaren er klar for å prøve seg på eit lag i ei høgare aldersgruppe, kan spelarane få dette i samråd med foreldre/føresette. Laget ein høyrer til aldersmessig har alltid første prioritet. Om det er kollisjonar på kampdag/trening skal alltid det laget prioriterast, om det ikkje ligg særskilde grunnar føre.

Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media