KFUM Volda Volley

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Innmelding

KFUM Volda Volleyball brukar Idrettsforbundet sitt medlemssystem som heiter Klubbadmin. All medlemsadministrasjon skjer på nettsida deira. For innmelding i klubben går du til Minidrett.no

Har du vore medlem i eit idrettslag tidlegare, er det stor sjanse for at du allereie er registert på minidrett.no

Er du ikkje registrert på MInidrett.no tidlegare, lagar du ny brukar.

Du loggar inn på sida, klikkar på «Medlemsskap», klikkar på «Finn ny klubb», søker opp KFUM Volda Volleyball, klikkar på klubben når søkeresultatet kjem opp under søkefeltet. Til høgre i bildet kjem KFUM Volda Volleyball opp med både volleyball og sandvolleyball. Klikk av i begge rutene og klikk på «Send søknad». Du er no registrert som medlem i klubben.

Brukarveiledning og meir informasjon om Minidrett.no finn du her

Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media