KFUM Volda

Volda sin volleyballklubb, både innandørs og sandvolleyball

Informasjon

Sesongen 2017/2018 består damelaget av spelarar i alderen 16 til over 30 år. For nokre år sidan fekk vi ei gledeleg overrasking då Maria og Vlado frå Bulgaria kom til bygda. Maria har spelt både beach og innandørs i ulike land og Vlado har vore landslagstrenar for ulike land. Det er med andre ord høg kvalitet som har kome til bygda. Vi gler oss veldig til å sjå korleis våre nye vener kan føre laget og klubben opp og fram!

I år tek vi sikte på å etablere oss i 1. divisjon.

Mange av jentene er også med på dei aldersbestemte laga JU17 og JU19 og tek sikte på NM-deltaking i begge klasser i mars 2018.

Dette skal vi greie med godt oppmøte på trening og god innsats kvart einaste minutt på bana!

 

 

Design og utvikling av Ulstein Media
Design og utvikling av Ulstein Media