
Sesongstart på Årneset
Dugnaden går som ein draum når ein er fleire som deltek!
I kveld vart sandvolleyballbanene på Årneset gjort klare for sesongen takka vere stort oppmøte på dugnad. Veldig kjekt at så mange tok seg tid ein torsdagskveld. No ligg alt til rette for ein flott sesong, med rekordtidleg start.
Det vart også tid til litt bading, pølsegrilling og kjekt samvere.
Takk for innsatsen alle saman!