Praktisk informasjon til medlemmer og foreldre/ føresette i klubbene

Dugnad

KFUM Volda Volleyball har som hovudregel to dugnadar i året. Inntektene frå desse går til drift av klubben og støtte til laga til reiser og dekking av kostnadar ved NM deltaking.

Dugnadane kan vere sals- eller arbeidsdugnadar. Det er ein om hausten og ein om våren.

Føresette på laga må vere med på desse dugnadane, men det vert sett positivt på om også born deltek på f. eks. salsdugnadar i lag med vaksen. Frå seniornivå (16 år og oppover) forventar vi at spelarane også deltek på arbeidsdugnadar.

Ved salsdugnadar kan det vere minimumstal på salet.

Kvart lag kan, etter avtale med styret, arrangere eigne dugnadar om dette er ynskjeleg så lenge det ikkje kjem i konflikt med hovuddugnadane.

Kiosk/ansvar i hall ved arrangement

Ved arrangement i Voldahallen, eller annan hall der KFUM Volda Volleyball står for arrangementet, har gruppa som arrangerer også ansvar for å drive kiosk, rigge hallen, ta ansvar for sekretariat og rydding inne i halle. 

Oppmann på laget/laga har ansvar for å sette opp lister over kven som skal levere mat, stå i kiosk og utføre andre oppgåver. 

Spelarar over 16 år vert oppmoda om å delta om dei ikkje skal spele sjølve.

Oppmenn får utdelt excel-liste som vert brukt som dugnadsoppsett og sjekkliste.

Køyring til og frå kampar

Når foreldre eller utøvarar i KFUM Volda Volleyball køyrer til og frå kampar, skal sjølvsagt alle trafikkreglar fyljast. 

Alle born som sit på i buss og privatbilar skal vere forsvarleg sikra etter gjeldande reglar.

Spelarar som sit på betalar sjåfør følgjande satsar for bilkostnader. Det er (foreldra til) spelarane som sit på som har ansvar for at dette vert betalt.

Turar t/r :

Minimum kr 50,-

Ålesund kr. 100,-

Molde/Førde kr 200,-

Om nokon av ulike grunnar vel å køyre sjølv i tillegg til det tal på bilar som var naudsynt for å gjennomføre turen, må desse utgiftene dekkast av den enkelte.

For elevar ved TVN

KFUM Volda Volleyball ynskjer spelarar som vil kombinere vidaregåande skule og toppsatsing i volleyball på ToppVolley Norge på Sand lykke til. 

Vi ynskjer at dei fortsatt skal vere medlemmar i klubben vår, og vil legge til rette for det. For at dei framleis skal vere ein del av laget dei høyrer til i klubben ynskjer vi at dei deltek på treningar og andre aktivitetar i regi av KFUM Volda Volleyball når dei er heime.

Om det er økonomi til det, og trenar på laget ser behovet, vil klubben gi tilskot til reise for å delta på kamp. Vi kan ikkje garantere at det blir praktisert til alle kampar. 

Om ein spelar sjølv vel å reise heim og stille seg disponibel til heimekamp, er spelaren velkomen til dette. Det vert forventa at foreldre (og spelarar) til elevar på Sand stiller på dugnadar på lik linje med andre foreldre/medlemmar i klubben.

Landslagsspelarar

Klubben har som mål å ha deltakarar på dei aldersbestemte landslaga. Dei som vert tekne ut på samling kan dirfor søke om økonomisk støtte til deltaking. Pr. i dag er støtta på kr. 500,- ved bruttotroppssamling, og kr. 500,- ved endeleg opptak. 

Støtta kan søkast om ein gong pr. sesong. Støtteordninga blir vurdert av klubben frå sesong til sesong ut frå den økonomiske situasjonen til klubben.

Utviklingssamlingar

Klubben synest det er viktig at alle spelarane i klubben får utvikle seg. 

Spelarar på dei aldersbestemte laga vert derfor oppmoda til å delta på desse samlingane. 

Linkar til deltakingar vert difor formidla gjennom oppmann på kvart lag.

Speling for lag i eldre klasser

Om trenarane på begge lag meiner spelaren er klar for å prøve seg på eit lag i ei høgare aldersgruppe, kan spelarane få dette i samråd med foreldre/føresette. 

Laget ein høyrer til aldersmessig har alltid første prioritet. 

Om det er kollisjonar på kampdag/trening skal alltid det laget prioriterast, om det ikkje ligg særskilde grunnar føre.

Lovnorm (vedtekter) for KFUM Volda Volleyball

lovnorm kfum volda volleyball

Beskrivelse av verv i klubben

Arbeidsinstruksar kfum volda volley