Laga våre

KFUM Volda har treningsgrupper frå og med første klasse og heilt opp til elitelaget vårt for damer. Vi har også ei stor gruppe med diamantar på Diamantvolley.

Vi opplever ei stor interesse for sporten vår og saman med foreldre og støttespelarar ynskjer vi å tilby eit inkluderande miljø der alle kan utvikle seg.

Har du eller nokon du kjenner lyst til å prøve volleyball? Klikk deg inn på dei ulike laga for å finne meir informasjon. Dei fleste laga har eiga fb-side. For fleire av laga brukar vi også Spond for å halde oversikt over treningar og kampar.

Om du ikkje kan finne det du leitar etter er du velkommen til å kontakte oss på e-post eller messenger.

Foto: Erlend Krumsvik