Aktuelt

KFUM Volda godt representert i NM for aldersbestemte klasser

KFUM Volda har denne våren kvalifisert seg i begge klasser i NMU15, NMU17 og NMU19. Det betyr 6 lag som skal måle krefter med dei beste i landet i løpet av våren. No vert det jobba hardt med trening og dugnadsarbeid for å legge grunnlaget for NM-turane våre.
Les meir

No gler vi oss til å sjå deg i tribuna!

Helga 15-17. sept arrangerte vi Eliteserieturnering for 7. gong. Utrulig kjekt å fylle Volda Campus SpareBank1 Arena med publikum igjen. No håper vi at publikum finn vegen tilbake til seriestart i Mizunoligaen laurdag 30. sept. Måndag 2. okt er det også høve til å sjå bra volleyball. Då er det internkamp mellom dei 2 herrelaga […]
Les meir

Sandvolleyballens dag

Vi ynskjer velkommen til Sandvolleyballens dag søndag 6. august på Årneset. Har du hatt lyst til å prøve deg i sanden? No har du sjansen. Du treng verken ha erfaring, vere medlem i klubb eller ha løyst lisens. Wattn sponsar premiane. Tre klasser:-U15: gutar og jenter f. 2011-2010 og 2009-GU18: gutar f. 2008-2007 og 2006-JU18: […]
Les meir

Landslaga besøker Volda Campus SpareBank1 Arena

Denne veka har damelandslaget vore på treningssamling i Volda. I midten av juli kjem herrelandslaget. Gjengen som er på besøk no skryt av treningsfasilitetane! Nok ein gong får vi stadfesta at vi har ein arena av ypperste klasse. Å ha landslaga på besøk gir inspirasjon og motivasjon. Ekstra kjekt er det at dei tek seg […]
Les meir

God innandørssesong for KFUM Volda

KFUM Volda har hatt ein svært god 2022/2023-sesong. Vi hevdar oss godt i aldersbestemte klasser og tok mellom anna seriemeisterskapen i Møre og Romsdal i JU15, GU15, JU17 og GU17. I tillegg vann herrelaget vårt 2. div klart. Diverre vart vi eit nummer for små i kvalifiseringa til 1. divisjon, men der kjenner vi oss […]
Les meir

GU15 og JU15 er vinnarar av serien i M&R

Både JU15 og GU15 vann ungdomsserien i Møre og Romsdal i sesongen 2022/2023. Begge laga har hatt brei tropp og stilt med fleire lag på turneringane som har blitt arrangert. Gratulerer!
Les meir

NM-gull i skulemeisterskap

Volda Vidaregåande Skule stilte med mix-lag i NM. Gjengen som representerte Volda Vgs spelar alle i KFUM Volda. Arrangementet gjekk av stabelen i Førde og mix-laget viste seg råsterke gjennom heile meisterskapen. Vi gratulerer Peter, Jonas, Truls, Oliver, Asbjørn, Hedda, Nora, Åse, Henna og Ingrid med sigeren!
Les meir

Historisk siger

KFUM Volda til semifinalen i cupen for første gong. I første settet i kvartfinalen mellom KFUM-Volda og NTNUI var det KFUM Volda som hadde overtaket og vann settet 25-9. Andre settet vart jamnare, men NTNUI greidde aldri å ta innpå. I tredje settet heldt KFUM-Volda fram med bra spel og vann til slutt 3-0, med […]
Les meir

U13: suksess med 6-er på kort bane

Overgangen frå mini-volleyball til U15 kan vere tøff for mange. Det er difor svært gledeleg at det no vert gjort forsøk i U13 med 6-er på kort bane. KFUM Volda hadde eit slikt tilbod under serieturneringa i november og vi tør påstå at det vart ein braksuksess. Laga som tok del melder om motiverte og […]
Les meir

Serieturnering i Volda 12-13. november 2022

Aktivitet er det kjekkaste vi veit! Helga 12-13. november er det vår tur til å arrangere serieturnering. Laurdag 12.11 inviterer vi U17, U13 og mini til turnering. Søndag 13.11 er det U15-turnering. I U13-klassa tilbyr vi 6-er på kort bane og vi håper mange prøvar seg i den klassa! Sjå meir informasjon om det praktiske […]
Les meir

Trening for 1. – og 2. klassingar

Måndag 17.10.22 kan vi ønske velkommen til første trening for 1. – og 2. klassingar. Treningane vil finne stad i aktivitetssalen i Volda Campus SpareBank1 Arena. Oppmøte i resepsjonen kl 1700-1715. Trening kl 1715-1800. Vi oppfordrar foreldra til å vere med inn på treninga og hjelpe til der det trengst! Sjå lenke til fb-gruppe og […]
Les meir

Serieopning i Mizunoligaen for KFUM Volda

KFUM Volda er i helga klare for serieopning i eliteserien i volleyball. Dette er fjerde året i toppserien, etter at laget tok ein 4. plass i fjorårssesongen. Laget har halde seg i øvre sjikt av tabellen gjennom alle dei fire åra i eliteserien. KFUM Volda er godt budde for sesongen. Laget har trent godt, og […]
Les meir

Uttak ungdomslandslag

Vi gratulerer Birte Krumsvik, Ingrid Simonsen, Runa Redse-Arset og Håvard Keilen med plass i troppen til ungdomslandslaga. Gjengen skal samlast i Stavanger i oktober. Lukke til!
Les meir

Eliteserieturneringa 2022

Då gler vi oss til å kunne ønske velkommen til Eliteserieturneringa 2022. Helga 16-18. september kan du igjen sjå volleyball på høgt nivå i Volda Campus SpareBank1 Arena. Ta turen i hallen og hei fram Edna og dei andre jentene på elitelaget vårt.
Les meir

No startar treningane opp!

KFUM Volda Volleyball har starta treningane for sesongen 2022/2023. Vi er glade for å vere tilbake med herrelag i 2. divisjon. Elles tilbyr vi treningstilbod for dei aller fleste aldersgrupper. Sjå meir under «laga våre» her på nettsida. Har du lyst å prøve volleyball eller kjenner nokon som har lyst å prøve? Ta turen innom […]
Les meir

Eldsjelprisen til Kristin Indresøvde

17.08.22 fekk Kristin Indresøvde velfortent heder som årets ildsjel med Norges Volleyballforbund Sååååå fortent! Gratulerer! I nominasjonen som var sendt inn stod det mellom anna; «Kristin har hatt fleire verv i klubben gjennom mange år. No er ho leiar for Kfum Volda volleyball. Kristin er positiv, løysingsorientert og har lagt ein formidabel innsats for klubben […]
Les meir

EM-kvalifisering for herrelandslaget

KFUM Volda er stolte over å vere medarrangør når EM-kvalifiseringa for det norske herrelandslaget går av stabelen i august. Vi kan seie velkommen til 3 kampar i Volda Campus SpareBank1 Arena: Onsdag 3. august 2022 kl 1800 Søndag 14. august 2022 kl 1600 Onsdag 17. august 2022 kl 1800 Kjøp billett, kom i hallen og […]
Les meir

Full fart på Årneset – OBS påmeldingsfrist 1. juli

Denne dagen bør du vere i Volda, nærmare bestemt på Årneset!KFUM Volda Volleyball, Friluftsforeninga Volda og VTI Diskgolf har gått saman om å markere «Vår dag», som er ein del av frivilligåret 2022.Kommunen og ordføraren er også med, og her er det som skjer: Sandvolleyballturnering for aldersgruppa 13-19 år (2004-2008).7. august er sandvolleyballens dag i […]
Les meir

NM i volleyball 1969 – på Steinrøysa!

«Alt var så mykje betre i gamledager», heiter det. Vel, i enkelte tilfeller stemmer det veldig godt. Tenk at Volda arrangerte NM i volleyball utandørs på Steinrøysa i 1969!Denne parkeringsplassen var ein gang heim for NM-finalen i både herre- og dameklassa, og med det med 1000 tilskodarar. Det må ha vore ei oppleving av dei […]
Les meir

Årsmøte 2022

Torsdag 3. mars er det årsmøte i KFUM Volda Volleyball på Sosialt rom i Volda Campus SpareBank 1 Arena kl. 18.00 Det er vanlege årsmøtesaker. Alle betalande medlemer over 15 år har stemmerett, og vert oppfordra til å møte. Årsmøtedokument:
Les meir