Årneset sandvolleyballanlegg er ein open møteplass for aktivitet, idrett og sommarliv i Volda. Banene ligg vakkert til ved Rotevatnet, berre ein kort spasertur frå sentrum, og blir brukt av både klubbspelarar, familiar, studentar, skular og venegjengar gjennom heile sommaren.
Anlegget vart etablert i 2007 og har sidan utvikla seg til å bli eit av dei viktigaste sandvolleyballanlegga på Søre Sunnmøre. I dag er Årneset ein stad for både organisert trening, turneringar og eigenorganisert aktivitet — med låg terskel og plass til alle.
KFUM Volda Volleyball driftar og vedlikeheld anlegget på dugnad, og kvar vår samlast frivillige i alle aldrar for å gjere klart til ny sesong.
Fritt tilgjengelig
Årneset friluftsområdet er for alle, og vi heiar på eigenorganisert aktivitet
Parkering
Det er gode parkerings-moglegheiter på Årneset
Garderobe
Årneset friluftsområde har to toalett som kan nyttast til omkledning
Finn fram
Via Google maps