Om klubben


Foto: Erlend Krumsvik
Stifta:1964
Drakt:Blå overdel, svart shorts. Raud overdel som bortedrakt
Heimebane:Volda Campus SpareBank1 Arena

KFUM Volda Volleyball er ein volleyball-klubb med lange og stolte tradisjonar. Vi har nettopp flytta inn i storstova Volda Campus Sparebank 1 Arena og kan gle oss over topp moderne treningsfasilitetar. I samspel med borna, foreldra og trenarane satsar vi på å lage kjekke volleyball-treningar der alle skal oppleve meistring. I tillegg til aldersbestemte lag har vi mellom anna eit elitelag på damesida.