2. div herre

Etter eit par sesongar utan eige herrelag vann KFUM Volda 2. div herre for andre året på rad. Denne gongen greidde vi også å kvalifisere oss til 1. div! Klubben stiller dermed både med lag i 1. div og 2. div i 2024/2025-sesongen.

Vi har god rekruttering frå aldersbestemte lag. I tillegg får vi med nokre frå Volda Stundeidrettslag denne sesongen. Vi føler oss difor rimeleg sikre på at vi skal kunne vise oss fram i 2. div i 2024/2025-sesongen også. Vi gler oss til å følgje laget!

Trenar er Gaute Gaudestad.

Foto: Markus Engås