U13: suksess med 6-er på kort bane

Overgangen frå mini-volleyball til U15 kan vere tøff for mange. Det er difor svært gledeleg at det no vert gjort forsøk i U13 med 6-er på kort bane. KFUM Volda hadde eit slikt tilbod under serieturneringa i november og vi tør påstå at det vart ein braksuksess.

Laga som tok del melder om motiverte og entusiastiske spelarar som har opplevd meistring og speleglede.

  • Det er 3-settskamp, og kvart sett går til 15 poeng og ein må vinne med to poeng.
  • Dersom det vert eit tredje sett, så går også dette settet til 15 poeng.
  • Ein kan berre serve maks 3 servar på ei serverunde.
  • Dersom ein ikkje får serven over, kan ein gå 1-2 meter inn på bana ( begge beina innepå bana), men då kan ein berre serve underarmsserve.
  • Baklinja er 7 meter frå nettet i staden for 9 meter. Bana er 9 brei.
  • Dersom ein har innbyttar, roterer alle spelarene til laget ut og inn ei bestemt rekkefølge som gjer til at alle spelarane spelar like mykje.
  • Netthøde:
    • Jenter: 212 cm
    • Gutar: 218 cm
  • 1 timeout per sett
  • For 6. og 7.klassingar. Dette er veiledane aldersklasse, ein kan gjere unntak dersom dette skaper aktivitet. Ein kan ikkje gjere unntak for å styrke laget.
Foto: Åsmund Keilen