God innandørssesong for KFUM Volda

KFUM Volda har hatt ein svært god 2022/2023-sesong. Vi hevdar oss godt i aldersbestemte klasser og tok mellom anna seriemeisterskapen i Møre og Romsdal i JU15, GU15, JU17 og GU17. I tillegg vann herrelaget vårt 2. div klart. Diverre vart vi eit nummer for små i kvalifiseringa til 1. divisjon, men der kjenner vi oss sikre på at vi skal kome sterkare attende. Kanskje allereie neste sesong?

Også elitelaget vårt har hatt ein god sesong. Tabellen var jamn på slutten og det var ikkje mange poenga som skilte nedtrykk og plass i sluttspelet. Vlado viste nok ein gong at han kan få ut potensiale i laget sitt og det unge mannskapet endte til slutt på 4. plass i serien og tok seg heilt til semifinalen i sluttspelet. I løpet av sesongen har vi også hatt 3 (!) 13-åringar på bana for elitelaget vårt. Vi har tru på framtida!